– Vi brukar areal som om vi aldri skal gå tomme

Vestlandsforsking er i ferd med å bygge seg opp på eit nytt felt innan klima- og miljøforsking. I to større prosjekt er temaet korleis endringar i arealbruk kjem i stand og korleis slike prosessar kan bli meir rettferdige.
– Areal er nøkkelen til å løyse både klima- og naturkrisa, seier prosjektleiar Halvor Dannevig.
Å søke om midlar til forsking kjennast av og til som å vere Sisyfos, han som var tvungen til å dytte ein kampestein heilt til toppen av ein bakke for berre å sjå han trille ned att til botnen. Men av og til legg kampesteinen seg til ro.
Halvor Dannevig hadde jobba for å skaffe finansiering til ein forskingsidé om arealbruksendringar over fleire år då det endeleg kom eit positivt svar. Og ikkje berre det, forskarane fekk tilslag to stader, både hjå Forskingsrådet og det nordiske programmet Nordforsk.
– Det tok fem år før det gjekk inn, men då gjekk det til gjengjeld inn i form av to ulike prosjekt som til saman gir Vestlandsforsking 13 millionar kroner å forske for, seier prosjektleiaren.

Vil verdisetje areal betre
Dei to prosjekta har mykje til felles. Kjernen er å verdisette arealendring betre, i både det norske prosjektet Planlegging for rettferdig arealbruk (Enabling land use justice) og det nordiske prosjektet Rettferdig arealbruk for grøn omstilling (JustGreen).
Men medan JustGreen dreier seg om arealbruksendringar som skjer fordi samfunnet skal omstille seg og bli eit såkalla «lågutsleppssamfunn», altså til dømes vindkraft, ser deltakarane i det norske prosjektet òg på andre drivkrefter bak arealbruksendringar. Det kan til dømes handle om hyttebygging i fjellet eller om større vegprosjekt, og aktørar frå prosjekt av denne typen er med som samarbeidspartar.
Unikt for JustGreen er ei arbeidspakke om konflikthandtering, medan det norske systerprosjektet har ei eiga arbeidspakke der økologar står i bresjen. Målet med det er å få kartlagt det biologiske mangfaldet i område som alt har gjennomgått ei utgreiing, med tanke på å samanlikne funna. Slik sett er det norske prosjekt meir tverrfagleg.

– Det dreier seg altså om å skaffe ei djupare forståing av både det du får og det du taper, forklarer Dannevig.
Ulike kvalitetar og interesser
Å ta i bruk eit vindfullt fjellparti i Troms til å produsere fornybar energi vil til dømes gje nordnorske straumkundar tilgang på meir og grønare energi enn ein del andre energiprosjekt. Samtidig vil ei slik utbygging gå ut over meir enn utsikta i området – dei reine landskapsverdiane. Som i Fosen-saka, vil ein del nordnorske areal ha samiske interesser knytt til seg. Dei let seg ikkje så lett verdisette med dagens system for arealbruksendring.
Forskinga handlar òg om å anerkjenne at det finst ulike måtar å vurdere eller fastsetje verdi av eit areal på.
– Ulike aktørar har ulike verdiar og interesser og ser ulike kvalitetar i det same arealet. Det vi skal jobbe med i desse prosjekta, handlar djupast sett om korleis ein kan gjere arealbruk rettferdig, seier Dannevig.
– Noko må gjerast med prosessane
Bakteppet er dei samanvevde krisene knytt til klimaendringar, tap av urørt natur og nedgang i biologisk mangfald.
– Etter kvart har det vorte klarare at areal er nøkkelen til å løyse både klima- og naturkrisa, seier prosjektleiaren.
Karen Richardsen Moberg, som saman med Halvor Dannevig er sentral i forskingsprosjekta, disputerte for doktorgraden ved NMBU i desember 2023. Ho hadde då studert arealbruksendringar og planprosessar gjennom 30 år i tre kommunar, inkludert vekstkommunen Sogndal, og tok til orde for ei radikal omlegging av arealplanlegginga i Noreg. Under disputasen sa ho mellom anna at «Planlegging handlar om mykje meir enn å leggje til rette for private utviklarar, slik ein kan få inntrykk av at det er i dag».
– Areal er nøkkelen til å løyse både klima- og naturkrisa.
– Det er mange som forstår at vi må endre korleis vi styrer arealsbruksprosessar. Vi bruker areal som om vi aldri skal gå tomme, seier Dannevig.
Hytter, vegar og vindkraft
Prosjekta har med caseområde frå ulike delar av landet der det føregår større utbyggingar knytt til hytter, vegar og vindkraft og tilhøyrande aktørar, som Statens vegvesen. Ein av kommunane er Øygarden, der fleire store industriparkar er under reising i skjergarden. Ein annan er Kvænangen, der vindkraftplanar risikerer å kome på kant med samiske interesser.

Industrikommunen Høyanger er òg blant prosjektet sine case. Grunnen er vindkraftutbygginga enkelte ønskjer seg i fjella nord for Høyanger. To grupperingar har søkt om å få bygge vindparkar i eit fjellområde som strekker seg frå Høyanger og inn i nabokommunen Sunnfjord: Fred Olsen og trioen Hydro, Eviny og Zephyr. Men etter at det kom signal om nei frå nabokommunen, trekte utbyggarane initiativa sine på Sunnfjord-sida. Frå Høyanger si side har begge fått ja til å utgreie vidare og utarbeide konsekvensutgreiingar.
Eit splitta lokalsamfunn
Einar Taule Øyehaug er GIS-ansvarleg innan plan og forvaltning i Høyanger kommune. Han har opplevd vindkraftsaka både som innbyggar og planleggar, og skildrar ein prosess der utbyggarane prøver å påverke innbyggarar og posisjonere seg.

Med det har dei skapt splid i lokalsamfunnet. Dei fleste uttrykker sterk motstand mot utbygging, men Øyehaug trur fleire ville ha stilt seg positive til utbygging viss dei fekk svare anonymt. Folk har mange spørsmål: Kven eig desse selskapa? Er dei utanlandske? Naturområda meiner dei fleste må bevarast. Samtidig er lokalsamfunnet heilt avhengig av industrien. Mange fryktar at det er noko i alt snakket om at Hydro kan trekke seg ut av Høyanger viss dei ikkje får nye, billige straumavtalar når dei gamle går ut om fem år.
Den djupe splittinga i bygda har fått kommunen til å velje ei ekstra samvitsfull tilnærming til vindkraftspørsmålet.
– Ulike aktørar har ulike verdiar og interesser og ser ulike kvalitetar i det same arealet. Det vi skal jobbe med i desse prosjekta, handlar djupast sett om korleis ein kan gjere arealbruk rettferdig.
– Ein har prøvd frå kommunen si side å vere veldig var på at ein likebehandlar og følgjer alle stega ein skal følgje. Det har vore veldig viktig, seier Øyehaug.
Spørsmålet no er om dei to områda som er att, ca. halvparten, er store nok til at det blir utbygging.
– Eit nytt planinitiativ må kome. Vi sit stille i båten, seier Øyehaug.
Målet er rettvis arealbruk
– Debatten rundt vindkraft i Høyangerfjella viser kor krevjande avvegingane rundt arealbruk kan vere, seier prosjektleiar Dannevig.
Målet er at prosjektet kan kome fram til nokre grep som kan synleggjere flest mogleg av verdiane som står på spel.
– Vi vil òg kome fram til prinsipp som kan få avgjerda om arealbruk til å bli så rettvis som mogleg.