Vi må endre måten vi brukar areal på
Å endre måten vi brukar areal på, blir sett som nødvendig for menneskeleg velferd og for å nå fleire av berekraftsmåla til FN. Samtidig er arealbruksendringar hovudårsaka til naturkrisa i tillegg til å føre til høgare utslepp av klimagassar.
Ulike delar av befolkninga har ulike ønske for korleis bestemte areal skal brukast, og endringer i arealbruk fører difor ofte med seg konflikt. Arealbruk er òg prega av målkonfliktar knytt til berekraftig utvikling. Skal vi sikre at arealbruken blir meir berekraftig og rettferdig, treng vi ei djuptgripande endring i korleis ein tek omsyn til ulike og konkurrerande verdiar i avgjerdsprosessar om arealbruk.
Rettferdigheit gjennom nytt rammeverk
Prosjektet Planlegging for rettferdig arealbruk eller, på engelsk, Enabling land use justice, har som føremål å utvikle eit rammeverk som kan styrke prosessane knytte til arealplanlegging ved å utvikle rettferdige prinsipp for å vekte og balansere motstridande interesser. Vi snakkar då om omsynet til sosioøkonomi, til miljø og til rettferdigheit.
Rammeverket vil integrere prinsipp for pluralistisk eller mangfaldig verdsetting, med teori om rettferdigheit for å fange opp dilemma og avveging mellom ulike verdiar og interesser i offentleg planlegging. Fordi verdiar og rettferdigheit står sterkt i rammeverket, vil det bringe opp utfordringar i styringsprosessar knytte til arealbruksendring, inkluderert konkurrerande interesser og mål.
Tanken er at dette òg vil bidra til å sikre at kommunar og andre involverte legg større vekt på miljømessige og sosiale følgjer når ein skal ta avgjerder om bruk av areal.
Vegar, hytter og infrastruktur for energi
I prosjektet skal vi ta i bruk rammeverket på fem norske case. Desse knyter seg til utvikling av energiinfrastruktur, vegbygging og hytteutvikling.
Å analysere kunnskapsgrunnlaget ein nyttar i dei gjeldande planleggingsprosessane, står sentralt i det forskarane skal gjere. Eit viktig spørsmål er i kva grad dei involverte har lagt vekt på rettferdigheit og ulike verdiar i materialet.
Rammeverket skal gjerast tilgjengeleg for bruk i arealforvaltinga. Dermed har det ein kime i seg til å støtte opp under ambisiøse samfunnsmål om å redusere tap av biologisk mangfald, bremse klimaendringane og sikre alle innbyggarar eit rettferdig og likestilt liv.