Arbeidstakarar i distrikta opplever karrierestigen som kortare
Vestlandsforsking stadfestar langt på veg påstanden om at arbeidstakarar i distrikta opplever ei raskare karriereutvikling enn i større byar.
– Vi er i grunnen positivt overraska over kor nøgde folk er med å jobbe i distrikta, seier Kristin Løseth og Daniel Furberg, som nyleg la fram ein rapport om temaet for Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane.
Forskarane la fram rapporten "Arbeidsliv og karriere i Sogn og Fjordane" på rekrutteringskonferansen "Folka" på Skei 25. oktober. Rapporten er bestilt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og tek for seg myten om ei raskare karriereutvikling i distrikta.
Meir ansvar og større breidde
Bakteppet for oppdraget er eit ønske om å få dokumentert positive sider ved arbeidslivet i Sogn og Fjordane, ettersom bedrifter opplever mangel på nok og rett kompetanse. Spørjeundersøkinga gav god støtte til førestillinga om raskare karriereutvikling i Sogn og Fjordane. 47 prosent av dei som svarde, hadde erfart at lokalisering i Sogn og Fjordane påverka tempoet i karriereutviklinga, anten "noko positivt" eller "positivt".
– Dette blir ofte forklart med breiare arbeidsoppgåver, meir ansvar og tettare band til leiinga i bedriftene på mindre plassar, seier prosjektleiar Kristin Løseth.
Ein del nemnde det òg som positivt at dei kjende seg meir synlege både på arbeidsplassen og i lokalsamfunnet enn på større plassar. "Din innsats, evner og faglige dyktigheit blir raskt lagt merke til", sa ein av dei som svarde.
– Dette bidreg til at ein får nye utfordringar og meir ansvar, seier Løseth.
– Ville få det dokumentert
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er svært nøgde med resultata Vestlandsforsking har lagt fram, seier direktør Hallvard Klakegg.
– Vi har mange gonger høyrt myten om at det er lettare å klatre på karrierestigen i distrikta enn i byane. Vi ville gjerne få dokumentert dette så godt som mogleg, og er svært glade for at Vestlandsforsking konkluderte slik. Dette er eit fortrinn som bedriftene i Sogn og Fjordane absolutt bør nytte seg av, sa Klakegg etter at dei to forskarane hadde gått gjennom dei viktigaste trekka i forskingsrapporten for 160 tilhøyrarar på rekrutteringskonferansen "Folka".
Flest høgt utdanna
Spørjeundersøkinga vart sendt ut via organisasjonar som er tett på arbeidslivet i regionen. Av dei som valde å svare, viste det seg at så mange som 85 prosent hadde høgare utdanning, det vil seie tre års studiar eller meir. Slik sett representerer ikkje utvalet heile biletet i Sogn og Fjordane.
– Her er det viktig å påpeike at heile 85 prosent av dei som valde å svare på undersøkinga, har tre års høgare utdanning eller meir og at dei i hovudsak arbeider i dei største organisasjonane i regionen. Funna våre kan ikkje generaliserast til å gjelde alle tilsette ute i distrikta, understrekar Løseth.
Det arbeidsgjevarar kan ha nytte av å vite om denne gruppa med arbeidstakarar, er at dei er opptekne av å auke personleg kompetanse og av å ha ein god balanse mellom jobb og fritid. Å gjere ein skilnad i samfunnet er òg av verdi for dei høgt utdanna – heile 82 prosent av dei med over fem års utdanning nemner dette som ein viktig motivasjonsfaktor.
– Dette kan vere nyttig å vite om for arbeidsgjevarane for å halde på arbeidstakarar, seier forskar Daniel Furberg.
Ikkje berre positivt
Forskarane fann ikkje berre positive trekk ved distriktsarbeidslivet. Fleire slutta seg til at det er færre alternative arbeidsplassar å velje mellom, som på lengre sikt kan avgrense den vidare utviklinga av karrieren. Små forhold på arbeidsplassen kan òg opplevast negativt ved at kjennskap og vennskap får stor innverknad på tilsettingsprosessar og lønsforhandlingar.
Kort veg til leiinga er heller ikkje alltid eit gode.
– Som ein av respondentane sa, kan det vere kort veg for nokon, og ikkje for alle. Opplever du ein utfordrande relasjon til leiinga, kan det vere krevjande i små miljø der leiarane ofte sit lenge i stillinga. Når det dessutan er få alternative stillingar i nærleiken, så kan det gjere situasjonen vanskelegare, fastheldt Daniel Furberg. Han viser til at åremålsstillingar og kortare tilsettingsperiodar kan vere tiltak for å førebygge dette.
Det overordna biletet er likevel at arbeidstakarane er godt nøgde med å vere der dei er.
– Media gir gjerne eit inntrykk av at det er få mogelegheiter i arbeidslivet utanfor byane, og eg kjende meg ikkje sikker på kva resultata ville vise. Difor var det kjekt å bli positivt overraska over biletet som kjem fram i denne undersøkinga, seier Kristin Løseth.