"Areal på raudlista" tema for #Klimaomstilling2024

myr nær vestnes - dronebilete hvl
Medvitet om at areal er ein avgrensa ressurs er blitt større den siste tida. Dronebiletet viser ei myr omkransa av vegar og jordbruksareal nær Vestnes ved Molde. Det er teke under eit feltarbeid i forskingsprosjektet Repeat i august 2023. Foto: Sigurd Daniel Nerhus, Høgskulen på Vestlandet

23.-24. april er det klart for ei ny utgåve av den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2024 i Sogndal, som samlar folk frå ulike sektorar som jobbar med klimarelaterte spørsmål. Hovudtemaet i år er “Areal på raudlista”. - Den siste tida har det blitt større medvit om at areal spelar ei viktig rolle både når det gjeld klimatilpassing og reduksjon av klimagassar, seier Carlo Aall i programkomiteen.

Lenge har vi teke areal for gitt i Noreg. I mange kommunar blir det tilgjengelege arealet skvisa mellom eit ønske om tettstad- og næringsutvikling og ei nasjonal forplikting til den globale naturavtalen.

Også den grøne omstillinga krev areal. Det samme gjer omsynet til å tilpasse seg framtidige klimaendringar - for ikkje å snakke om at naturen, meir enn nokon gong, krev tilbake areal frå oss.

Årets konferanse set difor søkelys på korleis vi kan forvalte areala våre klokt og i samsvar med klimaendringane, bevaring av natur, utbygging av fornybar kraft, utvinning av ressursar og utvikling av byar, stader, hyttetomter og næringsverksemd.

Korleis blir vi klare for "Grete"?

Onsdag 23. april spør vi kva vi har lært av Hans og korleis vi blir klare for "Grete", altså det neste, store ekstremvêret. Vi høyrer mellom anna frå Svein Magne Bråten Juvhaugen, beredskapsleiar i Nesbyen kommune, som var med på å handtere ekstremvêret “Hans” i august 2023 og Toril Hofshagen, som er regionsjef i NVE Region Aust.

Gol campingsenter etter "Hans"

Vi får òg høyre frå planleggjarar og forskarar, mellom anna frå Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing).

Om ettermiddagen legg vi opp til fysisk aktivitet i nærområdet og eit eige kveldsprogram med underhaldning. Her kan det kome spennande overraskingar - følg med!

Utslepp og arealbruk

Torsdag 24. april skal det handle om samanhengane mellom utslepp og arealbruk, og om korleis vi forvaltar havets areal. Det blir og lagt opp til tre parallellsesjonar: ein om arealnøytralitet, ein om naturrestaurering og naturbaserte løysingar og ein om energi og areal. Her vil det komme innleggshaldarar frå kommunar, forvalting, næringsliv og forskingsinstitusjonar, og vi legg opp til ein paneldebatt.

Fleire bidrag frå Vestlandsforsking

Vestlandsforsking stiller med fleire innleiarar. Mellom anna bidreg instituttet med kunnskap frå fleire pågåande forskingsprosjekt og frå Norsk klimamonitor, som samlar inn og deler data om klimatilpassing i heile samfunnet.

Noradapt, som Vestlandsforsking driv på vegner av fleire fagmiljø innan klimatilpassing, skal lansere ei ny teneste under konferansen: fylkesprofilar som viser haldningar og innsats i klimatilpassinga. Det er Bror Kristian Ranaas Tandberg som skal presentere den nye tenesta i innlegget "Korleis ser ein trønder og ein rogalending på klimarisiko - og kven er best til å tilpasse seg?".

- Desse fylkesprofilane fyller ut biletet av korleis fylka blir påverka av klimaendringane i åra framover, seier Carlo Aall og viser til Norsk klimaservicesenter sine klimaprofilar for kvart fylke.

Relevant for mange

Konferansen er av interesse for planleggarar, forvaltning, utviklarar, konsulentar, politikarar, forskarar og alle med interesse for arealbruk. Deltakarane kjem frå heile landet, i tillegg til enkelte internasjonlale innslag.

Frå #Klimaomstilling2023
Også under årets konferanse vil vi tilby fysisk aktivitet med faglege innslag på ettermiddagen. Her frå tettstadvandringa i Sogndaldfjøra med Inger Auestad frå Høgskulen på Vestlandet i 2023. Foto: Kyrre Groven

Konferansen har eksistert sidan 2016, og blir arrangert av Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), KS Vest-Norge, Høgskulen på Vestlandet, Norce, Statsforvaltaren i Vestland, Vestlandsforsking og Vestland fylkeskommune.

I år er det Vestland fylkeskommune som har hovudansvaret, og spørsmål om konferansen kan rettast til Ragnhild Berge Feidje.

Følg med på klimaomstilling.no for oppdateringar i programmet!