Hilde si nye fagbok om kvinner i IT har alt vekt stor interesse

Hilde med ny fagbok

Heilt tilfeldig oppdaga forskingsleiar Hilde G. Corneliussen at den nye fagboka hennar om kvinner sin veg til IT-sektoren var publisert. Boka hadde berre ligge ute i fire dagar, men var alt lasta ned av over 500 personar.
– Veldig kjekt, og heilt annleis enn å publisere vitskaplege artiklar, seier ho.

Fagboka med det fiffige ordspelet i tittelen, «Reconstructions of Gender and Information Technology: Women doing IT for themselves», oppsummerer 25 års forsking på eit såkalla «nordisk paradoks»: at ein bransje ikkje har lukkast med å jamne ut kjønnsbalansen sjølv i Noreg og nabolanda våre, som er blant dei mest likestilte i verda.

– Sjølv om Noreg er eit land med høg grad av likestilling, har ingen av jentene og kvinnene eg har møtt opp gjennom åra, sagt at dei har blitt oppmuntra til å studere IT fordi dei er jenter. Det mange derimot seier, er at IT framleis er eit «gutefag», at mange opplevde å bli sett ned på som jenter på eit IT-studium, og at det verka rart å ha lange, fint lakkerte neglar og samtidig like programmering, seier Hilde.

Tredje fagbok

Dette biletet har ikkje forandra seg stort sidan ho først blei oppteken av kjønn og IT som ung forskar ved Universitetet i Bergen på 1990-talet. Då ho kom til Vestlandsforsking for ti år sidan, gjekk Hilde vidare med tematikken. Sidan har ho leidd fleire forskingsprosjekt om ulike sider ved rekruttering av kvinner til IT-feltet.

Forskingsfunn frå tre større prosjekt utgjer grunnlaget for fagboka, som det britisk-amerikanske akademiske forlaget Palgrave Macmillan har gitt ut i haust. Den fysiske boka kan alt bestillast, men boka finst òg fritt tilgjengeleg for nedlasting og lesing («open access»), noko mange er i gang med alt.

– Eg kan sjå kor mange som har lasta ned boka og enkeltkapittel eller sitert meg, og det er ikkje få. I tillegg har eg fått mykje respons via sosiale medium, seier Hilde. Sjølv om ho har gitt ut to fagbøker før, om kjønn og teknologi i 2012 og ei  i 2008 om dataspelet World of Warcraft, i lag med Jill Walker Rettberg, varmar interessa.

Ingen enkel veg

Eit viktig funn som Hilde dveler ved i boka, er at kvinnene som i dag jobbar i IT-bransjen, hamna der mot alle odds: Dei har i stor grad funne sine eigne vegar til teknologiutdanning og -karriere.

Undertittelen på boka – "Women doing IT for themselves" – er altså langt frå tilfeldig:

– Forskinga mi viser tydeleg at mange kvinner er nøydde til å finne vegen sjølve. Det er ikkje noko feil med det, men det viser at dei får veldig lite støtte til å finne fram, ikkje minst frå skulen, seier Hilde.

Gjennom åra har ho snakka med mange kvinner som elskar programmering, gaming og alt ein elles måtte forbinde med IT. Felles for dei aller fleste er at dei ikkje visste dette om seg sjølve då dei gjekk på ungdomsskulen eller vidaregåande. Rundt dei var det ingen som utfordra dei rådande oppfatningane om kva jenter og gutar passa til.

– Vegen til IT er ikkje enkel å finne når ein ikkje er blant dei innvidde, slår forskaren fast. Resultatet er at jentene og kvinnene ofte kjem seint til teknologifaga.

Og sjølv om mange då finn seg godt til rette på slike utdanningar og i arbeidslivet, møter mange ein røyndom som har vore, og framleis er, tungt mannsdominert.

 

Få med deg bokslepp på Høgskulebiblioteket i Sogndal 23. november kl. 11:15-12:15. Hilde inviterer òg til eit webinar om tematikken 23. november kl.15-16.