Aktuelt-arkiv

  • Traineeordninga til Framtidsfylket viser seg å vere attraktiv. Vestlandsforsking har fått rekordstor søknad til to traineestillingar ved instituttet. Det er 87 søkarar til stillinga på klima og miljø og 27 søkarar til velferdsteknologi.

  • 120 deltakarar møtte på Skei til årets konferanse om velferdsteknologi i forrige veke. Konferansen omhandla erfaringar med planlegging og implementering av velferdsteknologi i 8 pilotkommunar i fylket.

  • test
  • Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg. Vi tilbyr eit tverrfagleg forskingsmiljø med gode mulegheiter for fagleg utvikling.

  • test

    Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg. Vi tilbyr eit tverrfagleg forskingsmiljø med gode mulegheiter for fagleg utvikling.

  • 2. - 4. mai blir det arrangert ein klimakonferanse i Sogndal. Konferansen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Statens Vegvesen, Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NVE, Norsk Bremuseum og UWC.

  • Vestlandsforsking har samla leiande forskarar frå fleire fag for å få fram ny kunnskap om korleis vi kan handtere havforsuring, klimaendringane sin mindre kjende «tvilling».

  • Dei to siste åra har IT-forum Sogn og Fjordane si arbeidsgruppe for velferdsteknologi vore med som drahjelp for kommunane i fylket som jobbar med spørsmål knytt til velferdsteknologi. I desember 2014 deltok alle kommunane i fylket på den fyrste konferansen i regi av prosjektet "velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane", der det i fyrste rekkje var informasjon og kunnskap som sto på agendaen.

  • - For ein utruleg stad å bu, arbeide og leike seg i naturen, seier reiselivsforskar Peter Varley frå University of the Highlands and Islands i Skottland. Varley har vore i Sogndal som gjesteforskar i januar.

  • Kan den nye teknologien Bitcoin representerer vera nyttig også i offentleg sektor? Det er spørsmålet forskar Svein Ølnes stiller i kronikken som er publisert på forsking.no.

  • I forprosjektet om fleirbruk på Kaupangerhalvøya gjennomførte Vestlandsforsking ein dialogprosess mellom dei ulike brukargruppene. Eigenevaluering av deltakarane tyder på at prosessen i seg sjølv var konfliktdempande og at deltakarane fekk betre innsikt og forståing i andre sine synspunkt og bruk av område.

  • Sogn og Fjordane kjem til Trondheim torsdag 28. januar. Har du lyst til å sjå kva som rører seg i fylket? Kom og slå av ein prat med Vestlandsforsking! Vi søkjer to nyutdanna fagleg sterke traineear med masterutdanning innan fagområda velferdsteknologi og klima/miljø.

  • Kunnskap om korleis digital teknologi fungerer er sentralt i eit samfunn som vårt.

  • I reklamen for energieffektiv etterisolering blir vi lova å spare nok penger i fyringsutgifter til å kunne reise ein ekstra gang til Syden kvart år.

  • I prosjektet "Sivil beredskap og klimasårbarheit" samarbeider Vestlandsforsking med Universitetet i Twente i Nederland. Som eit resultat av dette samarbeidet deltok forskingsleiar Carlo Aall frå Vestlandsforsking som førsteopponent på doktrogradsdisputasen til Maya van den Berg.

  • I ein kronikk i Sogn Avis skriv forskar Eivind Brendehaug at midlar til utviklingstiltak i verneområde er avgjerande for å skape vern på lokale premiss.

  • Forskarane Øyvind Heimset Larsen, Ingjerd Skogseid, Jon Gunnar Nesse og Torbjørn Årethun i VRI S&F er medforfattarar i to artiklar publisert i siste nummer av PLAN, tidsskrift for samfunnsplanlegging, bolig og byplan og regional utvikling.

  • På årssamlinga i det nasjonale forskningssenter for miljøvennlig energi CenSES (Centre for Sustainable Energy) i Oslo 9-10 desember innleia professor Carlo Aall frå Vestlandsforsking om årsakene til den overraskande reduksjonen i energibruk i hushaldningane som har skjedd sidan 1990.

  • Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn, besøkte i dag Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking.