Gjesteforskar hyllar tilgangen til friluftsliv

- For ein utruleg stad å bu, arbeide og leike seg i naturen, seier reiselivsforskar Peter Varley frå University of the Highlands and Islands i Skottland. Varley har vore i Sogndal som gjesteforskar i januar.

Peter Varley er leiar for forskingssenteret for opplevingsturisme ved West Highland College UHI i Fort William i Skottland. Han har utvikla konseptet Slow Adventure, som har mykje til felles med friluftsliv, slik ein tradisjonelt har utøvd det i Noreg.

Nært friluftsliv
- Her har du tilgang til flott skiterreng berre 15 minutt unna heimen, og du kan gå eller sykle til jobb utan problem. Du kan både trene og klatre innandørs, stikke ut for å padle litt eller berre gå ein tur og nyte det stille vinterlandskapet. Den månaden eg har vore her med familien min, har vi gjort alt dette. For ein utruleg stad å bu, arbeide og leike seg i naturen, seier Varley.

Gastroturisme og ute-helse
Under opphaldet i januar har Varley arbeidd i lag med forskarar ved Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane og Bratt Moro om framtidige og pågåande  forskings- og utviklingsprosjekt. Han har òg hatt samtalar med Innovasjon Norge, fylkeskommunen, Sogn Næring og reisemålsselskapet Visit Sognefjord.

- Det har vore svært givande. Eg merkar at det finst ein stor vilje til å få til samarbeid mellom næringslivet og akademia, seier Varley.

Eitt av områda Varley håpar han kan jobbe vidare med, er utvikling av gastroturisme, altså reiseliv med vekt på mat og gode råvarer. I tillegg ser han moglegheiter i å etablere eit nettverk for helse og uteaktivitetar.

- Eit nettverk av denne typen vil kunne knyte i hop fleire av dei fantastiske kvalitetane i regionen, seier Varley.

Internasjonalt samarbeid
Vertskapet for opphaldet, direktør Merete Lunde ved Vestlandsforsking, seier det er svært verdifullt for instituttet å knyte til seg forskarar frå andre land. I tillegg til Peter Varley er professor Daniel Scott frå University of Waterloo i Canada tilsett som gjesteforskar i delar av 2016. Scott er ein internasjonalt anerkjent forskar på området klimaendringar og reiseliv.

- Dette er nøkkelpersonar som gir fagleg styrke til forskingsområda våre, seier Lunde. Både Varley og Scott kjem til Sogndal i mai 2016.

Intervjua av Fjell og vidde
Varley var med på å arrangere den internasjonale Adventure-konferansen i Sogndal i november 2014, som samla reiselivsforskarar frå mange land. Det toårige engasjementet hans som gjesteforskar i Sogndal spring ut av samarbeidet om denne konferansen. Etter konferansen vart Varley intervjua av landets største friluftsmagasin, Fjell og vidde, om opplevingsturisme og friluftsliv. Her kan du lese artikkelen, «Verden vil ha ekte opplevelser» (Fjell og vidde nr. 6/2015). Reportasjen handlar om korleis det tradisjonelle friluftslivet, slik vi kjenner det i Noreg, no slår an elles i verda. Varley ordlegg seg slik om trenden, og dermed om potensialet for den friluftsbaserte delen av norsk reiseliv:

«For folk frå London, Paris og andre storbyar i Europa og USA, er det ein draum å vere i naturen. Å fiske, tenne bål, bruke ei øks eller ein kniv, og vandre gjennom landskap der dei ikkje ser andre menneske – det er helt utruleg.»

Fjell og vidde har gitt løyve til publisering av artikkelen på vestforsk.no.