Dialog mellom grunneigar og syklist var konfliktdempande

I forprosjektet om fleirbruk på Kaupangerhalvøya gjennomførte Vestlandsforsking ein dialogprosess mellom dei ulike brukargruppene. Eigenevaluering av deltakarane tyder på at prosessen i seg sjølv var konfliktdempande og at deltakarane fekk betre innsikt og forståing i andre sine synspunkt og bruk av område.