Bitcoin nyttig også i offentleg sektor?

Kan den nye teknologien Bitcoin representerer vera nyttig også i offentleg sektor? Det er spørsmålet forskar Svein Ølnes stiller i kronikken som er publisert på forsking.no.

I kronikken "Avslører falske vitnemål med Bitcoin" viser Svein Ølnes at Bitcoin også kan ha stor nytte i offentleg sektor, ikkje berre innan økonomi og finans. Eksempelet som blir omtalt i kronikken er lagring av vitnemål frå kurs og eksamenar på Bitcoin si blokk-kjede; den opne databasen som ligg til grunn for Bitcoin.

Kronikken er basert på den vitskaplege artikkelen "Beoynd Bitcoin - Public Sector Innovation Using the Bitcoin Blockchain Technology" som vart presentert på den akademiske IT-konferansen NOKOBIT og etterpå publisert i Bibsys sitt opne publiseringssystem (open access).

Lenke til kronikken: Avslører falske vitnemål med Bitcoin

Lenke til artikkelen: Beyond Bitcoin. Public Sector Innovation Using the Bitcoin Blockchain Technology