114 søkarar på to traineestillingar

Traineeordninga til Framtidsfylket viser seg å vere attraktiv. Vestlandsforsking har fått rekordstor søknad til to traineestillingar ved instituttet. Det er 87 søkarar til stillinga på klima og miljø og 27 søkarar til velferdsteknologi.

Begge områda er kopla mot to av dei store samfunnsutfordringane i vår tid; klimaendringar og korleis tilpasse oss dei, og korleis vi skal møte utfordringane med at vi blir fleire eldre og at vi må bu lenger heime. Då må vi ha nye system og teknologiar.

-Det at vi har fått så mange søkarar på dei to stillingane, viser at dette er interessante område for nyutdanna som har planar om forskarkarriere i Sogn og Fjordane, seier direktør i Vestlandsforsking Merete Lunde.  - Vi er veldig fornøyd med å ha fått så mange søkarar til dei to traineestillingane, og vi ser fram til å gå laus på søknadsbunken. Så langt er det mange gode søkarar med relevant kompetanse både innan klima og miljø og velferdsteknologi.

Framtidsfylket