Noradapt og Vestlandsforsking er til stades på Arendalsuka 2024, og på eit arrangement 15. august tek vi opp kor vidt Noreg har auka innsatsen i klimatilpassinga etter dei store øydeleggingane under “Hans” og utgjevinga av den andre stortingsmeldinga om temaet. Senterleiar Carlo Aall og Vestlandsforsking-direktør Anne Karin Hamre inviterer nasjonale nøkkelpersonar til debatt.
Vestlandsforsking har jobba med klimatilpassing i 18 år. I Bulgaria er temaet nytt, men behovet stort. – Kommuneplanleggarane vi møtte, viste overveldande interesse. Det var som å opne ein trykkventil, seier forskar Kyrre Groven.
Klimaproblema er ganske ulike i Bulgaria og Noreg. Likevel gir det meining å utveksle erfaringar om korleis ein kan løyse dei. I vår har Vestlandsforsking og KS gjennomført to studieturar på Vestlandet med representantar for dei åtte største byane i Bulgaria.