Vi treng fleire unge som vel teknologirelaterte utdanningar og -yrke for å møte kompetansebehovet arbeidslivet i Sogn har for å sikre vidare verdiskaping og omstilling i det digitale og grøne skiftet. Skal ein oppnå̊ dette målet, må̊ fleire jenter inn i teknofaga.
Prosjektet etablerer eit breitt samarbeid på̊ tvers av sektorar og utdanningsnivå̊ frå barnehage til høgskulenivå, for å utvikle gode praksisar for å motivere jenter til å fatte interesse for teknofag. Prosjektet vert leia av Vestlandsforsking, og er eit samarbeid med Sogndal og Årdal VGS, Sognarådet (kommunane i Sogn), Sogn Næring, HVL, ViteMeir, Årdal teknologipark, SOK, og har støtte og bidrag også frå Hydro Aluminium Årdal og Digdir. Vi vil etablere samarbeid, gjennomføre tverrsektorielle workshops, utvikle og teste pilotar og designe gode praksisar for å rekruttere fleire jenter til teknologifag i Sogn. Erfaringar og pilottesting i dette prosjektet vil danne grunnlag for ein ny søknad om fase 2, som vil iverksette tiltak og aktivitetar for å rekruttere jenter til teknologifag i heile Vestland fylke.
Prosjektet famnar breitt om «teknofag», som omfattar teknologifag og -utdanningar, frå yrkesfaglege utdanningar som elektro, el-teknikk, industriell teknologi, mediefag og IT-fag samt realfag som kvalifiserer til teknologifag i høgare utdanning og informasjonsteknologi på høgskulenivå.