Strategisk forskingsprogram for innovasjon og verdiskaping i reiselivet

«Strategisk forskingsprogram for innovasjon og verdiskaping i reiselivet» (reiselivsprogrammet) byggjer vidare på analysar og tilrådingar i frå prosjektet «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane». Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane avdekka at til trass for eit natur- og kulturgrunnlag i verdsklasse er potensialet for ytterligare verdiskaping i reiselivet i Sogn og Fjordane svakt grunna store utfordringar innan næringsstruktur og kompetanse. Det er difor behov for forsking som bidreg til utvikling av ei konkurransedyktig og berekraftig næring med betre lønsemd. Det er også behov for fleire kunnskapsintensive arbeidsplassar i næringa.

Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking samarbeider om det strategiske forskingsprogrammet.  I samarbeidet inngår også regionale styresmakter – Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge – og ei rad verksemder i fylket. Det eksisterer allereie gode fagmiljø, fagnettverk og ei bachelorutdanning i reiseliv. Det strategiske programmet skal bygge vidare på dette fundamentet og vidareutvikle, komplettere og styrke dagens forskingsområde. Dette skal sikre god relevans og godt samarbeid med reiselivsnæringa og gjere miljøa sterke i nasjonal og internasjonal konkurranse.

Satsinga skal vere langsiktig og har fleire viktige mål. Hovudtema er auka lønsemd og marknadsutvikling i reiselivet, betre forståing og bruk av nye digitale medier og ei meir berekraftig utvikling i reiselivet. Ambisjonane for satsinga er å utvikle eit forskings- og utdanningstilbod der fagmiljøet skal vere eit konkurransefortrinn for innovasjonsevne og verdiskaping i reiselivet.

Aktuelle avisartiklar: 

Sogn Avis, 30.04.2018 Hotellgjester får stadig meir makt 

Svenska Dagbladet, 17.01.2019 "Klickturismens baksida borde bekymra oss" 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Prosjektnummer:
6366
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Leiande seniorforskar
Gruppeleiar Teksam (permisjon)
Aktuelt: