Kulturbasert reiseliv

Førdefestivalen 2019: Kva skapar gode festivalopplevingar?

I 2019 skal Vestlandsforsking i samarbeid med Førdefestivalen studere publikum sine opplevingar for å identifisere kva element som skapar dei gode festivalopplevingane og kva som skapar mindre gode opplevingar. Den 30 år gamle internasjonale folkemusikkfestivalen har vore kåra av Aftenposten som ein av landets beste festivalar – spørsmålet er korleis vi kan løfte festivalen ytterlegare og sikre at kvaliteten vert vidareført? Opplevingar i reiselivet er den delen av reiselivsnæringa som har opplevd størst verdiskaping. Når regjeringa, i Stortingsmelding for reiseliv (nr 19, 2016-2017), legg vekt på å utvikle kultur og reiseliv, er det viktig å spørje kundane korleis dei opplever produkta. På same måte som i Balestrandstudien er festivalstudien inspirert av teoriar om opplevingsdesign der vi studerer korleis kommersielle og ikkje-kommersielle element påverkar den heilskaplege festivalopplevinga. Gjennom heile Førdefestivalen skal forskarane Anna Maria Urbaniak-Brekke og Agnes Brudvik Engeset snakke med publikum på ulike konsertarena rundt omkring i Førde by.

Britiske turistar ynskjer fleire kulturopplevingar

I 2018 gjennomførte Vestlandsforsking ein studie av britiske gruppeturistar sine opplevingar av kulturattraksjonar i turistbygda Balestrand. I samarbeid med Kviknes hotel intervjua vi britiske gruppeturistar om forventningar og erfaringar kring kulturopplevingar under ei vekes langt Norgesopphald. Ei spørjeundersøking vart også gjennomført blant dei britiske gruppeturistane.

Dei viktigaste funna frå studien var at trass i at britiske turistar kjem til Norge for å oppleve natur, var kultur blant høgdepunkta. Turistane ynskte også å oppleve meir av norsk kultur i bygda Balestrand, gjerne i form av kvardagsliv for å høyre meir om korleis det er å bu og leva i Distrikts-Norge. Eit anna viktig funn var at opplevingar av kulturattraksjonar vert særleg påverka av det sosiale elementet – andre turistar, å møte bygdefolk i gatene, ein dyktig museumsomvisar eller ein båtførar som fortel om korleis det er å bu i Balestrand. Resultata frå studien er viktige fordi dei kan gje innspel til korleis Balestrand kan løfte seg som eit viktig reisemål innan kulturturisme.

Delprosjekt i ‘Strategisk forskingsprogram for innovasjon og verdiskaping i reiselivet i Sogn og Fjordane’

Vestlandet har naturattraksjonar i verdsklasse, men her er også kulturattraksjonar på høgt nivå. I reiselivsstrategien Destinasjon Norge (2012) vart heilskaplege opplevingsprodukt som inkluderer kultur, mat, historie lansert som ei målsetting. I Stortingsmeldinga for norsk reiseliv (2016-2017), Opplev Norge – unikt og eventyrlig, er kulturturisme peika ut som eit viktig satsingsområde.

I samband med ‘Strategisk forskingsprogram for innovasjon og verdiskaping i reiselivet i Sogn og Fjordane’ skal Vestlandsforsking studere korleis turistar opplever kulturattraksjonar i fylket. Ved hjelp av teori om opplevingsdesign skal prosjektet undersøke kva kommersielle og ikkje-kommersielle element som påverkar opplevinga av kulturattraksjonar.

Utgangspunktet for å betre kulturopplevingane er å kartlegge korleis kulturturistane faktisk opplever kulturattraksjonane i dag. Eit sentralt spørsmål er kva slags element i opplevinga påverkar negativt og kva slags element har ein positiv påverknad?

Vi vil ta utgangspunkt i kulturturisten sine faktiske opplevingar. Opplevelsesrommet er den fysiske staden der tenesta blir produsert, levert og konsumert. Eit reisemål kan representere eit geografiske område der opplevinga vert produsert og konsumert. Medan ein tidlegare har forska på opplevingar knytt til enkeltprodukt i opplevingsturismen, ynskjer vi her å få innsikt i korleis ein kulturturist opplever å reise til ein kulturattraksjon med ein samansetning av ulike kommersielle og ikkje-kommersielle element.

Spørsmål vi ynskjer svar på er:

  • Korleis vert kulturopplevinga påverka av andre element i opplevingsområdet enn sjølve kulturattraksjonen?
  • Korleis kan opplevingsdesign forbetre utnytting av ressursgrunnlaget til kulturattraksjonen?

Presentasjon frå reiselivskonferansen i Førde, 12.-13. november "Framtidas reiseliv 2018": It did't cross my mind

Kronikk i Sogn Avis 11.10.18: Framtidas turistar - topptrente og kulturlause?

Kronikk i Firda 11.11.18: Framtidas turistar - topptrente og kulturlause?

Pressemelding i Sogn Avis 09.05.2019 Forskarar lokkar med gratis festivalpass

Startdato:
Sluttdato:
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):