Konsekvensar av klimaendringar for norske skianlegg

""
Hodlekve skisenter. Foto: Rebecca Sortland

I denne rapporten ser ein på kva verknad klimaendringar kan få for skianlegga rundt omkring i Norge. Rapporten er i to deler: først arbeidet med å lage framskrivingar av snøforhold for norske skianlegg og resultat frå desse, så ein del der sju utvalde anlegg er intervjua om klimatilpassingstiltak.

Rapport

Internasjonalt er det gjort fleire studiar av klimasårbarheit og klimatilpassing i vinterturismen, men ingen systematiske analysar har tidlegare vore gjort av dette i Norge, trass i at ski og snø er viktig både for samfunns- og næringsliv. Prosjektet «Konsekvensar av klimaendringar for norske skianlegg» er difor det første av sitt slag i Norge.

Prosjektet viser at det kjem til å bli stadig kortare natursnøsesong, men mange norske skianlegg kan i stor grad oppretthalde ein god lengde på skisesongen ved hjelp av kunstsnøproduksjon. Å kunne auke kapasiteten til å produsere kunstsnø, både i form av ein auka dekningsgrad i skianlegget, og som absolutt auke av produsert snø gjennom sesongen, vert difor avgjerande for dei fleste skianlegg utover i hundreåret. For å oppretthalde destinasjonsattraktivitet når natursnøtilhøva blir dårlegare, må skianlegg òg vere kreative for å utvikle tilbod til bestemte målgrupper, t.d. barnefamiliar eller utanlandske grupper. 

Prosjektet er finansiert av Forskingsprogram for innovasjon og verdiskaping i reiselivet i Sogn og Fjordane i 2016-2017, som igjen er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Noreg, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, Fjord 1 AS, Sparebanken Vest, Hotell Alexandra AS, Knutholmen AS og Aurland ressursutvikling AS.