Public Warning System (PWS)

Foto
A multi-platform approach lies at the core of the R&D projet Public Warning System. WNRI's main role is within testing and evaluating.

Paneda DAB AS skal gjennom prosjektet Public Warning System utvikle og teste eit nytt, effektivt og komplett «Framtidas befolkningsvarslingssystem» bygd på DAB-nettet (digitalt kringkastingsnett for radio) for å varsle og evakuere innbyggjarar ved hendingar i eit definert område. Varslinga skal mellom anna skje i form av lyd, bilete, tekst, video, sirener, vegsperringar og start/stopp av maskiner.

Befolkning og publikum skal kunne varslast og evakuerast ved ulike hendingar og uansett nasjonalitet. Behovet er påvist gjennom terrorhandlingar, ekstremveêr og miljøkatastrofar, og styresmaktene manglar gode nok varslingssystem. Mobilnettet er ofte ute av drift når det trengst mest, til dømes ved ekstremvêr med straumbrot eller ved store folkesamlingar der mobilnettet blir overbelasta. Eit anna problem er å nå folk som ikkje lyttar på radio, ikkje har mobiltelefon med eller ikkje brukar mobiltelefon. I tillegg er det utfordringar knytt til avstand/tid før nødetatane kjem fram, og korleis ein kan evakuere store folkemassar umiddelbart. Rundt om i landet er politiet langt unna skadestaden og det tek lang tid før dei er på plass.

Prosjektet tek utgangspunkt i dette behovet og skal, gjennom et systematisk FoU-prosjekt, utvikle eit system for befolkningsvarsling som oppfyller nødvendige krav. Forskingsprosjektet skal utvikle ny kunnskap, men òg software og hardware, for produkt, tenester og prosessr og slik utløyse forretningsmogelegheiter både nasjonalt og internasjonalt. Partnarar i prosjektet er Paneda DAB AS, Telenor, Fram Web AS, Tectal AS og Vestlandsforsking.

Vestlandsforsking vil bidra i arbeidet med metodar og gjennomføring av verifikasjon og validering, både med intervju og kontrollar ved testing av system i bestemte område, for å få tilbakemeldingar frå brukarane om korleis varslinga fungerer og blir oppfatta. Testing og evaluering er nødvendig for å gjere forbetring undervegs i prosjektet.

I tillegg vil Vestlandsforsking bidra i arbeidet med å satse internasjonalt ut frå meir enn 20 år med internasjonalt FoU-arbeid, og funksjonen som støttemiljø i EU-nettverk Sogn og Fjordane.

I 2020 skal forskningsarbeidet knytt til multiplattform- og managementsystem starte. I tillegg kjem førebuing av verifikasjons- og testaktvitetar og diverse formidlingsaktivitetar.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd
I samarbeid med:
Paneda DAB AS
Telenor ASA
Tectal AS
Fram Web AS
Prosjektnummer:
6561
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Senior Researcher
Aktuelt:
  • Foto

    Når det skjer noko alvorleg, hastar det å få varsla folk i området. I eit nytt, stort prosjekt bidreg Vestlandsforsking til testing av ny teknologi for befolkningsvarsling. Systemet er utvikla av eit selskap i Nordfjord og tek utgangspunkt i DAB-nettet.
    – Prosjektet knyter saman Vestlandsforsking sine tre hovudområde, seier Anna Maria Urbaniak-Brekke, som koordinerer instituttet sitt bidrag.