Nytt forvaltningssystem for fleirbruk i utmark
Kommunane Luster, Sogndal og Gloppen er med i eit treåring forsking- og utviklingsprosjekt (2016-18) om korleis ulike grupper kan bruke den same utmarka. Vestlandsforsking leier prosjektet og utviklar verkemiddel saman med kommunane og dei ulike brukarane. Målet er å koordinere ferdsla i populære delar av utmarka.
Fleire kommunar på Vestlandet arbeider med utvikling av terrengsykling, som er blitt ei populær form for friluftsliv både for fastbuande og tilreisande. Landbrukspolitikken har dei siste tiåra hatt som mål å få bønder og grunneigarar til å utvikle nye inntektskjelder basert på gardane og utmarka, til dømes jaktturisme. Kommunane har i same periode fått større innverknad over arealplanlegginga, og den pågåande utviklinga av nye friluftslivsaktivitetar gir nye utfordringar.
Eit sentralt spørsmål er korleis ulike former for rekreasjon og grunneigarane sin bruk av utmark kan fungere side om side. Korleis kan ein kombinere dei nye formene for friluftsliv med tradisjonelle aktivitetar som vandring, sanking og jakt?
Kven brukar området?
Populære utfartsområde som dei seinare åra er blitt attraktive blant terrengsyklistar, skal undersøkast. Først skal aktivitetane og dei ulike brukargruppene i området kartleggast. Forskarane legg fram det dei har funne for grunneigarar, interesseorganisasjonar, idrettslag og andre som brukar området. Målet er at alle brukarane finn eit felles utgangspunkt for å diskutere bruk av utmark som både tek omsyn til lokal verdiskaping, allemannsretten og grunneigarane sine interesser. Kan det same området til dømes ha rom for vandrarar, syklistar, jegerar, bærplukkarar og beitedyr? I så fall, på kva måte?
Skal prøve ut virkemidla
Prosjektet skal saman med brukargruppene og kommunane teste effekten av ulike verkemiddel på sameksistensen mellom ulike aktivitetar og brukargrupper. Effekten av verkemidla skal målast. Til slutt skal forskarane evaluere verkemidla og prøve ut nye og justerte verkemiddel.
Ny bruk av utmarka
Studien bygger på eit forprosjekt gjennomført på Kaupanger i 2015, der ein undersøkte korleis motsetnader mellom utøving av kommersiell hjortejakt, tradisjonelt friluftsliv og den stadig meir populære terrengsyklinga kunne løysast. I Luster og Gloppen kommune har tradisjonelt og nyare friluftsliv vore praktisert side om side, men begge kommunane ynskjer lære meir om korleis den nye bruken av utmarka kan tilpassast rekreasjon, nytte og tradisjonelt friluftsliv.
Prosjektet er finansiert av Regionalt Forskingsfond Vestlandet og kommunane Luster, Sogndal og Gloppen.
Datainnsamling med elektroniske teljarar
For å måle eksisterande popularitet, bruksvariasjon gjennom året og effekt av tiltak, blir det i prosjektet nytta 2 typar elektroniske teljarar levert og produsert av kanadiske TRAFx. Den eine typen måler røyrsle ved hjelp av ein infraraud (IR) sensor, og den andre måler endringar i magnetfelt og kan dermed telje syklar. Teljarane registrerer kva tid noko passerer ned på sekundnivå slik at vi kan sjå trafikkmønster gjennom døgeret. Det er ingen annan informasjon enn ei passering (som tolka av sensoren) som blir registrert. Teljarane er ikkje kobla mot Internett og dataane som blir samla inn blir som regel henta ut 1–2 gonger i året. Dataane blir så aggregerte til å laga statistikk av, den kan t.d. visualiserast slik:
I media: artikkel i forskning.no (mars 2020)