Fleirbruk i nye og gamle rekreasjonsområde i Gloppen
Kommunane Luster, Sogndal og Gloppen har vore med i eit treåring forsking- og utviklingsprosjekt om korleis ulike grupper kan bruke den same utmarka. Kommunane og dei ulike brukargruppene i utmarka iverksette ulike verkemidlar for å koordinere ferdsla i populære delar av utmarka. Vestlandsforsking vurderte effektane av verkemidla på sameksistensen mellom ulike aktivitetar og brukargrupper. Prosjekteigar har vore Sogndal kommune. Prosjektet er finansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet i lag med kommunane.
Denne delrapporten oppsumerar resultata frå forskinga i Gloppen kommune frå hausten 2016 til våren 2019. Takk til Gloppen kommune, nøkkelinformantar, og lag og organisasjonar for samarbeidet i prosjektet.