Prøver ut pratemotor blant morgondagens lærarar

student med pratemotor
HVL-student Lea Kronborg Christiansen frå Danmark prøver ut pratemotoren på Bragebygget ved Campus Sogndal. 150 studentar på vidareutdanninga profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK) og 16 på grunnskulelærarutdanninga (GLU) har vore med på utprøvinga av digitale hjelparar dei siste månadene. No skal Vestlandsforsking og HVL evaluere forsøket. Foto: Idun A. Husabø

Kunstig intelligens kom brått på for alle, også dei som utdannar framtidas lærarar. I eit nytt samarbeid prøver Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet ut ein pratemotor som bringer kunstig intelligens inn i studiekvardagen til lærarstudentar.
– Vi er nok litt framme i skoa, seier Jan Erik Ølmheim ved HVL.

Ved eit bord i gangen på Bragebygget står fire studievener rundt ein oppslått laptop. Lea Kronborg Christiansen har akkurat spurt «GLU-boten» når eksamen er. Etter få sekund serverer prateroboten både dato og tidspunkt, før han listar opp annan relevant informasjon i form av oversiktlege, nummererte punkt.

Lurer Lea på kva faguttrykk som «digital forteljing» betyr, kan ho taste inn det òg. Ho kan til og med klage si naud over noko ho ikkje forstår - den tolmodige GLU-boten svarar uansett, velvillig og triveleg i tonen.

 

Tre samarbeidspartar
Øyvind Heimset Larsen har funne saman med Campus-naboane Jan Erik Ølmheim og Eivind Rogne takka vere IT-forum Vest og det regionale nettverket for pedagogikk og IKT. Foto: Idun A. Husabø

Ein meny av hjelparar

– Studentane kan velje mellom ulike robotar som er laga for å svare på ulike måtar, forklarer Jan Erik Ølmheim medan han viser Lea og venene hennar heile spekteret av verktøy.

Desse andre skjermhjelparane inkluderer til dømes den sokratiske pratemotoren, «ein praterobot som diskuterer sivilisert med deg». Når du spør han om noko, stiller han nye, underfundige motspørsmål som får deg til å tenke. Det er ein kanskje ikkje i humør til viss det er få dagar att til eksamen. Då er det kanskje lurare å spørje ein som «kan studiet ditt til fingerspissane» eller kallar seg «ei endå flinkare utgåve av den venlege og flinke prateroboten». Ikonet hennar er ei kjernesunn, blid superheltinne.

– Studenten må kunne stille relevante spørsmål for å få relevante svar, understrekar Ølmheim. Men stiller ho eller han nye spørsmål, vil dei halde fram med å få svar. «Havet» dei fiskar i er internett, men fiskereiskapane er ulike. Det er ei dyktig eldsjel i Randaberg kommune, Odin Nøsen, som har utvikla det breie spekteret av pratemotorar, for HVL.

 

hjelparar
Studentane kan velje mellom ulike pratemotorar som har ulike eigenskapar. Er det kort tid att til eksamen, vil du til dømes styre unna den sokratiske hjelparen, som har for vane å møte spørsmål med motspørsmål. Foto: Idun A. Husabø

 

Både dei som har har valt 30 studiepoengemnet profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK) i det femte semesteret på grunnskulelærarutdanning eller tek vidareutdanning i PfDK for lærarar i Sogndal, har hatt tilgang til desse pratemotorane i fleire månader. Dermed har dei vant seg til kven av dei digitale hjelparane som fungerer best til kva – og vant seg av med leiting på nettsida eller turar til den fysiske studieadministrasjonen.

Langt framme i skoa

Sjølv om det no er studentar som nyttar praterobotane, er dei òg laga for å fungere for elevar i alderen seks til 16. Dermed må dei vere pedagogiske og innby til dialog.

motor
HVL-student Lea Kronborg Christiansen frå Danmark prøver ut pratemotoren på Bragebygget ved Campus Sogndal. Foto: Idun A. Husabø

– Det vi skal gjere først, er å evaluere korleis dette hjelpemiddelet har fungert for studentane, forklarer Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking. 150 studentar på vidareutdanninga og 16 på GLU-utdanninga har vore med på utprøvinga.

Vestlandsforsking kom inn i biletet gjennom IT-forum Vest, som støttar ei rekkje nyskapande tiltak innan utdanning og IKT i fylket og sikrar rekruttering og at sektoren ikkje sakkar akterut. I september samla dei 30 medlemmer av eit regionalt nettverk for pedagogikk og IKT til møte om temaet.

Lærarane treng erfaring med KI

Studentane som har fått leike seg med pratemotorar, er framleis ikkje på plass i klasseromma i Skule-Noreg, der kunstig intelligens brakdebuterte for eit par år sidan og kom bardus på.

Eivind Rogne
Eivind Rogne jobbar med pedagogikk, entreprenørskap, digital kompetanse og fleksibel læring ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Foto: Idun A. Husabø

– I utdanninga snakkar ein jo om kunstig intelligens, men det skal jo handterast ute i klasseromma, seier Eivind Rogne ved HVL. Han reknar det som viktig at dei komande lærarane får solid erfaring med pratemotorane og korleis dei svarar deg.

 

Lærarar ute i skulane rapporterer at det er ganske oversiktleg kva elevane gjer med KI i klasseromma. I alle fall om ein samanliknar med situasjonen innan høgare utdanning, der eksamenskontora riv seg i håret over «perfekte» eksamenssvar. Det er tydeleg at ein del studentar let ChatGPT skrive innleveringsoppgåver for seg.

– Men det skjer ting i klasseromma også, så det er viktig at lærarar kan noko om dette, seier Rogne.

Inviterte KI-professor frå Harvard

Fagmiljøet for IKT og pedagogikk i Sogndal er på hogget på fleire måtar. Då dei deltok på ein internasjonal konferanse i Spania i fjor, med 5-600 deltakarar frå heile verda, fekk dei ein fagleg storfisk på kroken.

Ølmheim og Rogne med kollegaer hamna på same lunsjbord som Harvard-professor Sarah Newman, som heldt hovudinnlegget på konferansen.

– Ho er eit verkeleg stort namn på feltet, forklarer han. 

Ølmheim og kollegaene hans fekk høve til å invitere professoren til Sogn. Det gjorde dei ved å lokke med fjell, fjord og vestlandske dalar som bakteppe for besøket. Og om eitt år kjem Newman til Sogndal.

 

Del av ei satsing

Jan Erik Ølmheim
Jan Erik Ølmheim jobbar med nettundervisning, utvikling av nye nettkurs og er involvert i Høgskulen på Vestlandet sitt heildigitale studium PFDK-MOOC. Foto: Idun A. Husabø

Sarah Newman forskar på kunstig intelligens og er særleg oppteken av at lærarar skal utnytte mogelegheitene ved KI i undervisninga si. 

Innfallsvinkelen hennar til utdanning og den nye teknologien, er at skulen og utdanningsinstitusjonane ikkje må sitje stille og håpe at «hypen» går over. 

Professoren kjem til Sogndal 9. september 2025, og skal mellom anna halde eit foredrag i Storesalen i Sogndal kulturhus. Der vil ho ta for seg korleis nye teknologiar alltid har endra måten vi lærer og underviser på.

Å få Newman til å besøke Sogndal reknar Ølmheim, Larsen og Rogne som litt av eit varp.

– Vi skal fylle kulturhuset, smiler dei.

Besøket til Newman blir òg ein måte å styrke det tverrfaglege samarbeidet om IKT og undervisning på.

– Vi har ein ambisjon om å setje dette arrangementet i ein god samanheng slik at det blir del av ei satsing som både styrkar HVL si rekruttering til pedagogutdanningar og følgjer opp IT-forum Vest sin tradisjonsrike fagkonferanse for IT på tvers av oppvekst og skuleslag i regionen, seier Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking.