Sogn og Fjordane-modellen styrkar samarbeid i små einingar. IT-forum Sogn og Fjordane

Rapport
Id:
2018-3

IT-forum Sogn og Fjordane er eit meir enn 20 år gamalt regionalt samarbeid som famnar næringsliv, offentlege aktørar og FoU-miljø. Denne rapporten summerer opp eit dokumentasjonsprosjekt med mål å samle dokumentasjon som finns om nettverket og samstundes gjennomføre ei djupnestudie for å lære meir om kva som egentlig er drivkrafta i IT-forum.

Informantane i djupnestudien delar ulike forteljingar om kva nettverket representerer, frå å vere eit styringsorgan med nøkkelpersonar, eit samarbeidsnettverk som løftar fylket i lag, og til ein møteplass for IT-folk. Dei fortel at internasjonale og nasjonale impulsar og aktivitetar la grunnlaget. Samarbeid i nettverket vert lokalt framheva som døme på Sogn og Fjordane-modellen: å løfte i lag for å løyse regionale utfordringar – ein prosess som skapar superheltar. Eit utval sentrale aktørar er intervjua for å avdekke suksessformelen. Sekundærkjelder for data, tidlegare publisert forsking om, og årsmøtedokument frå nettverket er nytta for å forklare ramma, samt utfylle og forklare funn i intervjurunden.

Denne sluttrapporten frå prosjektet oppsummerer og viser til forsking omkring IT-forum, og kan sjåast som eit "oppslagsverk" om IT-forum.