Svein
Ølnes
tidlegare tilsett
Stillingstittel:
Seniorforskar
Akademisk tittel:
Cand.agric.
Telefon:
Tilsett:
1996

Svein har over 20 års erfaring som prosjektleiar for ulike IT-prosjekt ved Vestlandsforsking. Hovudområdet for forskinga er digitalisering i offentleg sektor; både i kommunar og statlege verksemder. Ein stor del av arbeidet har dreia seg om kvalitet på digitale tenester og korleis måla den, og også om kva digitale tenester eigentleg er.

Etter å ha oppdaga Bitcoin og blokkjedeteknologien i 2011 har mykje av forskinga dreia seg om potensialet for bruk av denne også i offentleg sektor. Interessa for den nye teknologien førte til gjennomføring av ein mastergrad innan digitale valutaer (MSc in Digital Currencies) ved universitetet i Nicosia i 2018. Same året etablerte Svein også bachelor-kurset "Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien" i samarbeid med Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet. Han har undervist kurset sidan hausten 2018.

Publikasjonar:
Prosjekt: