Aktuelt-arkiv

  • Traineeordninga til Framtidsfylket viser seg å vere attraktiv. Vestlandsforsking har fått rekordstor søknad til to traineestillingar ved instituttet. Det er 87 søkarar til stillinga på klima og miljø og 27 søkarar til velferdsteknologi.

  • 120 deltakarar møtte på Skei til årets konferanse om velferdsteknologi i forrige veke. Konferansen omhandla erfaringar med planlegging og implementering av velferdsteknologi i 8 pilotkommunar i fylket.

  • test
  • Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg. Vi tilbyr eit tverrfagleg forskingsmiljø med gode mulegheiter for fagleg utvikling.

  • test

    Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg. Vi tilbyr eit tverrfagleg forskingsmiljø med gode mulegheiter for fagleg utvikling.

  • 2. - 4. mai blir det arrangert ein klimakonferanse i Sogndal. Konferansen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Statens Vegvesen, Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NVE, Norsk Bremuseum og UWC.

  • Vestlandsforsking har samla leiande forskarar frå fleire fag for å få fram ny kunnskap om korleis vi kan handtere havforsuring, klimaendringane sin mindre kjende «tvilling».

  • Dei to siste åra har IT-forum Sogn og Fjordane si arbeidsgruppe for velferdsteknologi vore med som drahjelp for kommunane i fylket som jobbar med spørsmål knytt til velferdsteknologi. I desember 2014 deltok alle kommunane i fylket på den fyrste konferansen i regi av prosjektet "velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane", der det i fyrste rekkje var informasjon og kunnskap som sto på agendaen.

  • - For ein utruleg stad å bu, arbeide og leike seg i naturen, seier reiselivsforskar Peter Varley frå University of the Highlands and Islands i Skottland. Varley har vore i Sogndal som gjesteforskar i januar.

  • Kan den nye teknologien Bitcoin representerer vera nyttig også i offentleg sektor? Det er spørsmålet forskar Svein Ølnes stiller i kronikken som er publisert på forsking.no.

  • I forprosjektet om fleirbruk på Kaupangerhalvøya gjennomførte Vestlandsforsking ein dialogprosess mellom dei ulike brukargruppene. Eigenevaluering av deltakarane tyder på at prosessen i seg sjølv var konfliktdempande og at deltakarane fekk betre innsikt og forståing i andre sine synspunkt og bruk av område.

  • Sogn og Fjordane kjem til Trondheim torsdag 28. januar. Har du lyst til å sjå kva som rører seg i fylket? Kom og slå av ein prat med Vestlandsforsking! Vi søkjer to nyutdanna fagleg sterke traineear med masterutdanning innan fagområda velferdsteknologi og klima/miljø.

  • Kunnskap om korleis digital teknologi fungerer er sentralt i eit samfunn som vårt.

  • I 2015 har Vestlandsforsking feira 30 år. Vi har sett tilbake på aktive og produktive år i Sogn og Fjordane og gler oss over mange utfordrande og spanande forskingsoppgåver også i åra som kjem.

  • Vestlandsforsking er prosjektleiar for eit nytt FoU-prosjekt, som skal bidra til å finne løysing på korleis bruken av utmark kan forvaltast til det beste for lokal verdiskaping, friluftsliv, allemannsretten, biologisk mangfald og grunneigarane sine interesser.

  • Den globale turistnæringa kan nå klimamåla sine, og det til ein rimeleg pris. Å gjere turismen utsleppsfri, kostar ikkje meir enn vel 100 kroner per reise. Det kjem fram i ein ny forskingsstudie publisert i Journal of Sustainable Tourism.

  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) arrangerte erfaringssamling for beredskapsansvarlege hjå fylkesmennene i Tønsberg 8. desember. Carlo Aall frå Vestlandsforsking presenterte resultat frå prosjektet "Naturskader - kostnader ved forebygging vs. gjenoppbygging av kommunalt eid infrastruktur"

  • Er du nyutdanna med masterutdanning? Har du maksimalt tre års arbeidserfaring? Har du vilje og pågangsmot? Då er Framtidsfylket Trainee noko for deg!

  • Forskingsrådet sin neste idélab skal bidra til det grøne skiftet ved å få fram dristige og berekraftige løysingar og konsept for byar anno 2040. Deborah Davies ved Vestlandsforsking er ein av 29 fagpersonar som er vald ut til å delta januar 2016.