Julehelsing frå Vestlandsforsking

I 2015 har Vestlandsforsking feira 30 år. Vi har sett tilbake på aktive og produktive år i Sogn og Fjordane og gler oss over mange utfordrande og spanande forskingsoppgåver også i åra som kjem.

Stiftinga Vestlandsforsking vart skipa 13. mars 1985 av Sogn og Fjordane fylkeskommune, med god hjelp frå Kommunaldepartementet, bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket som gjekk inn med midlar til eit grunnfond. I 2015 er vi 25 personar som held til ved Fosshaugane Campus i Sogndal. Her er vi lokalisert i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap.

Instituttet driv med oppdragsforsking for næringsliv og offentleg sektor innan klima og miljø, reiseliv og IKT. Vi ønskjer å bidra til forskingsbasert innovasjon der forskingsresultat utgjer grunnlaget for nyskaping og samfunnsutvikling. Gjennom 30 års drift har forskingsinstituttet utvikla seg til å bli eit viktig FoU-miljø i Sogn og Fjordane, og med stor og viktig aktivitet på den internasjonale forskingsarenaen.

Jubileumsåret vart markert gjennom eit fagleg jubileumsseminar 21. september. Vi er glade for at over 60 samarbeidspartnarar, beslutningstakarar, forskarar og andre med interesse for forsking  var samla i Sogndal for å markere instituttet sine 30 år. Les meir om jubileumsseminaret.

Dei tilsette var også på jubileumstur til Nord-Italia for å få ny inspirasjon til nye reiselivssatsingar, lokalprodusert mat og IT-løysingar, samt knyte tettare band til forskingskollegaer i Italia.

I tillegg til formidling av kva vi forskar på ved instituttet på jubileumsseminaret 21. september, har Sogn Avis hatt ein jubileumsserie dette året. Laurdag 24. januar 2015 hadde Sogn Avis ein artikkel om oppstarten av drifta og intervju med den første og noverande direktøren ved Vestlandsforsking. Sjå artikkelen her: Spenstig gjort å starte opp

Andre artiklar:

Pionerar på lokal klimatilpassing, Sogn Avis 27.01.15
Kvifor ta to når du kan få ti?, Sogn Avis 29.01.15
Det vanskelege klimaspørsmålet, Sogn Avis 12.02.15
Ekstremkommunen - Lærdal - Sogn Avis 12.02.15
Der ingen skulle tru at norge.no kunne bu - Sogn Avis 16.05.2015
Dei som bygde breibandet - Sogn Avis 24.06.15
Tryggare med teknologi - Sogn Avis 13.07.2015

Vestlandsforsking ynskjer alle ei god, kunnskapsrik og berekraftig jul!

I staden for tradisjonelle julekort gir Vestlandsforsking ei gåve til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.