Ei klimavenleg turistnæring kostar ein hundrelapp per reise

Den globale turistnæringa kan nå klimamåla sine, og det til ein rimeleg pris. Å gjere turismen utsleppsfri, kostar ikkje meir enn vel 100 kroner per reise. Det kjem fram i ein ny forskingsstudie publisert i Journal of Sustainable Tourism.

Den globale turistnæringa kviler tungt på fossile energikjelder, som bidreg til klimaendringar. Dei ferskaste anslaga viser at turistnæringa – inkludert transport, overnatting og fritidsaktivitetar – står for nær 5 prosent av dei menneskeskapte CO2-utsleppa på verdsbasis.  Samla sett står turistnæringa for like store utslepp som Japan.

Artikkelen, Can tourism be part of the decarbonized global economy?, skriven av fire professorar i berekraftig reiseliv, mellom anna Stefan Gössling ved Vestlandsforsking, ser på korleis turistnæringa kan greie å oppfylle FN sine mål for CO2-utslepp. Forskarane meiner det mest effektive for turistnæringa vil vere å satse på strategisk energisparing og fornybar energi-initiativ innan eiga næring, ikkje berre prosjekt som skal kompensere for CO2-utslepp.

Den globale turistnæringa vil bli nøydd til å frigjere seg frå fossile energikjelder. Dette krev store investeringar, med oppunder 1 milliard dollar per år, eller 8,5 milliardar norske kroner (i absolutte tal) alt i 2020-åra. Men sett i forhold til kor omfattande den veksande turistnæringa er på verdsbasis, er kostnaden låg. Næringa treng ikkje investere meir enn 0,1 prosent av verdien på den samla globale turistnæringa i 2020. Ser vi på 2050, er det snakk om 3,6 prosent av det næringa er verdt. Tala tek høgde for at utsleppa i sektoren held fram med å vekse.

- Viss vi fordeler denne summen på alle reiser innanlands og utanlands, kjem kostnaden på litt over 100 kroner eller 11 dollar per reise. Det svarar til pengesummen ein flypassasjer vanlegvis må ut med i skattar og avgifter, seier Stefan Gössling, professor i berekraftig reiseliv ved Vestlandsforsking og Universitetet i Lund, som er ein av forskarane bak studien.

Pengane turistar legg att på reiser, blir rekna som den største frivillige velferdsoverføringa i verda. Denne pengestraumen er livsviktig for mange land og skapar opptil ein av 11 jobbar på verdsbasis.

- Reiser gir oss høve til å utforske nye stader, sjå vakker natur og oppleve andre kulturar. Turisme kan vere ei drivkraft for veldig mykje som er positivt, men næringa må halde seg til utsleppsgrensene som verdas leiarar skal forhandle om i Paris, seier Gössling.

Studien er forfatta av forskarar frå Vestlandsforsking/Linnéuniversitetet (Noreg/Sverige), University of Waterloo (Kanada), University of  Canterbury (New Zealand) og NHTV Breda University (Nederland). Dei fire forskarane skriv òg om risikoen ved å la vere å gripe til handling mot klimaendringane.

I månadsskiftet samlar verdas leiarar samlar seg i Paris for å utarbeide ein global klimaavtale. Målet er å hindre at den globale oppvarminga blir meir enn to grader over førindustrielt nivå. Presset kjem til å auke, åtvarar forskarane:

- Alle sektorar blir nøydde til å bidra om vi skal greie å redusere utsleppa og frigjere verdsøkonomien frå fossile energikjelder. Næringar som ikkje gjer sitt, vil etter kvart kunne oppleve at det går ut over omdømet deira.

- Det er ikkje «peak oil», eller slutten på oljen, som er det største trugsmålet mot framtidas turistnæring. Det er «peak carbon», altså slutten på klimautsleppa, seier Stefan Gössling.

- Analysane våre viser at turistnæringa kan foreinast med framtidas verdsøkonomi. Men det krev at statsleiarar og bedriftsleiarar viser kollektivt leiarskap, seier berekraft-professoren.

Eit vesentleg punkt er investeringar som kan frigjere turistnæringa frå karbon. Slike grep vil i lengda auke turistnæringa si konkurranseevne, meiner forskarane, som skriv at samarbeidet til dømes kan  ta form av eit offentleg-privat samarbeid der alle verdas nasjonar går med.

- Farlege klimaendringar er slett ikkje i turistnæringa si interesse. Til dømes trugar klimaendringane mange populære reisemål og aktivitetar: skiindustrien, tropiske strender, ikoniske artar, kulturarven vår. Investeringar i lågutsleppsturisme er med andre ord både i reiselivet og dei reisande si interesse, seier Gössling. Vi må kjenne etter om vi er villige til å betale litt – mindre enn det kostar å sjekke inn eit ekstra kolli – for at framtidige generasjonar skal kunne beundre dei same underverka som vi har fått sjå på våre eigne reiser.

Referanse:

Daniel Scott, Stefan Gössling, C. Michael Hall & Paul Peeters (2015): Can tourism be part of the decarbonized global economy? The costs and risks of alternate carbon reduction policy pathways, Journal of Sustainable Tourism, DOI: 10.1080/09669582.2015.1107080

http://dx.doi.org/10.1080/09669582.2015.1107080