Vil tilsetje fleire som Irmelin

ung kvinneleg forskar
Den nyaste tilsette ved Vestlandsforsking er Irmelin Gram-Hanssen, som kjem frå Midt-Jylland i Danmark. Ho tok doktorgraden sin i samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, der ho forska på korleis klimatilpassing og transformativ samfunnsendring spelar saman i urfolkssamfunn i det sørvestlege Alaska. (Foto: Idun A. Husabø)

Klima- og miljøforskinga ved Vestlandsforsking skal styrkast med fleire tilsette, både med og utan doktorgrad. Danske Irmelin Gram-Hanssen kom til instituttet for eit halvt år sidan, etter fleire år som stipendiat ved Universitetet i Oslo.
– Eg føler at eg er komen til ein arbeidsplass der perspektiva mine er blitt sett pris på, og der både kollegaer og leiinga er interesserte i å lytte, seier ho.

I studietida var Alaska ein viktig del av danske Irmelin Gram-Hanssen sitt liv, og ho innrømmer det gjerne: Først fann ho Sogndal, og deretter fann ho Vestlandsforsking. Interessa for friluftsliv og natur og eit ønske om kvardagar med lågare tempo, var ein viktig grunn til at ho søkte på forskarstillinga i Sogndal og flytta vestover med sambuaren og den fem år gamle dottera.

Varm velkomst

Det ho òg fann, var ein varm og triveleg arbeidskultur, overraskande mange internasjonale prosjektsamarbeid, og eit inkluderande miljø både blant bygdas mange ski- og klatreinteresserte og på jobb. Irmelin er overvelda over kor stort dette miljøet er, og held det fram som noko unikt ved Sogn.

– Folk har invitert oss med, dei spør heile tida korleis det går og føreslår løysingar når vi treng noko. Eg opplever at alle er med på å løfte ein opp og fram, smiler Irmelin.

Det første møtet hennar med dei rundt 20 kollegaene på klima- og miljøgruppa fann stad i Balestrand i gnistrande septembersol.

– Eg fekk klemmar av alle og såg korleis folk lo og tøysa med kvarandre. Det var ei avslappa stemning dei imellom, seier Irmelin.

Klimatilpassing her og i andre land

På det halvåret som har gått sidan ho kom, har ho fått kjenne på ein annan rytme enn den ph.d.-åra innebar. Ho har sjonglert ulike prosjekt og skrivearbeid – ei stund litt for mange. Det meste har dreidd seg om korleis samfunnet tilpassar seg klimaendringane.

forskar snakkar til kollegaer
Irmelin er ein engasjert formidlar. Her presenterer ho seg på si første gruppesamling i Balestrand. (Foto: Idun A. Husabø)

Nyleg var ho med på å kartlegge korleis arbeidet med klimatilpassing er organisert i ulike europeiske land: Storbritannia, Tyskland, Austerrike, Finland og Sverige. Bestillinga kom frå Miljødirektoratet, som skal bruke kunnskapen i arbeidet med ei kommande stortingsmelding om klimatilpassing. Irmelin har òg fordjupa seg i korleis klimarisiko kan krysse grenser og gje utslag i andre delar av verda. Konkret har forskarane sett på soyaproduksjon i Brasil og kveitedyrking i Europa. Sviktar desse avlingane på grunn av klimarelaterte problem, kan det få store utslag for norsk landbruk og dyrehald.

Jobben har òg gått ut på å møte og samarbeide med representantar for kommunar, fylkeskommunar og andre som deltek i fou-prosjekt om klimatilpassing.

Stas å få utforme framtidige prosjekt

Vestlandsforsking hentar om lag 90 prosent av inntektene sine frå eksternt finansierte forskingsoppdrag, og søknadsskriving er difor ein høgt prioritert aktivitet. Irmelin fekk merke dette under oppsiglinga til Forskingsrådet sin februarfrist, i form av hyppige møte, samtalar med mogelege samarbeidspartnarar, intense skriveøkter og raude kinn. Men opplevinga sette ingen støkk i ho – tvert imot var det blant det beste ho har gjort så langt.

– Eg vart veldig engasjert i søknadsskrivinga og synst det var skikkeleg gøy.

Den eine søknaden ho har vore med på å skrive, involverer svenske, danske, spanske og polske bykommunar, i tillegg til vertskommunen Sogndal. Prosjektet handlar om naturbaserte løysingar, til dømes regnbed som tek unna vatn og tilfører naturmangfald imellom asfalt og betong. Slike innretningar står høgt i kurs når det gjeld klimatilpassing i byar og tettstader, ettersom dei er eit slags kinderegg med fleire positive effektar, ikkje minst trivsel.

Eit viktig element i søknaden var at innbyggarar frå alle samfunnslag må få delta meir aktivt i omskapinga av lokalsamfunna sine.

I den travle perioden fram mot fristen følte Irmelin verkeleg at ho var på rett stad.

– Som forskar er det viktig å tenke gjennom kva ein har lyst til og korleis ein kan få det til. Eg føler at søknadsskriving er ein prosess der ein kan tenke over nettopp det – kva ein synest er spennande.

Ei lyttande leiing

Sjølv om ho er den sist tilsette og ein av dei yngre forskarane, har Irmelin aldri følt at ho vart beden om å «gå og skrive litteraturlista» – ei oppgåve enkelte seniorar i akademia har det med å setje vekk til folk med kortare fartstid.

kvinnelege forskarar står på ferje
Irmelin med tidlegare kollega Christiane Meyer-Habighorst på Sognefjorden. (Foto: Kyrre Groven)

– Perspektiva mine er blitt sett pris på. Dei andre vil ha kreativiteten og engasjementet mitt, og det set eg pris på, understrekar ho.

Denne interessa for kva den enkelte tilsette har å melde, tykkjer Irmelin er karakteristisk for Vestlandsforsking som arbeidsplass. Ho set pris på at instituttet har utforma ein eigen livsfasepolitikk og jobbar med ein strategi for korleis ein kan rekruttere og behalde medarbeidarar. Irmelin føler verkeleg at andre engasjerer seg i alt frå korleis mannen hennar kan få seg ein jobb i Sogndal, så ho blir verande, til kva ho har å melde etter eit kurs om berekraft, omstilling og leiing som ho nyleg deltok på.

– Behovet mitt for å lære og aktivt utvikle kompetansen min som enkeltindivid blir møtt, og eg merkar at leiinga heile tida er open for å lytte og tilpasse seg dei tilsette sine ønske og behov, skryt Irmelin.

Langt unna, på godt og vondt

Dette er hennar første vinter på Vestlandet, og Irmelin nyt å vakne opp til snødekte toppar med eit strøk av sol, gå på ski og vere ute med familien. Samtidig er ikkje alt perfekt for eit internasjonalt par som har det meste av familien sin i USA og Danmark og mange vener på Austlandet, ei dagsreise unna.

Skal ho nemne noko som trekkjer ned, er det den lange reisevegen vinterstid for vener og familie som vil besøke dei i Sogndal.

– Eg kjenner litt på dette med avstand når fjellovergangane blir stengde, samtidig som det er litt fint at vi bur midt i den ville vakre naturen.

 

Her finn du fleire detaljar om dei to ledige stillingane, trainee innan klima og miljø og forskar innan klimaomstiling. Begge stillingane har søknadsfrist 15. mars og Sogndal som arbeidsstad.

 

Les om Torbjørn Selseng, som kom til Vestlandsforsking som trainee

Forska i Alaska: – Vi kan lære mykje av urfolk om omstilling til klimaendringar