Torbjørn kom som trainee – no er ei ny stilling lyst ut

ung mann i anorakk og panneband med illustrasjon av sau bak seg
Torbjørn Selseng har utdanning innan journalistikk, statsvitskap og klimaomstilling. Han oppretta ei strikkeverksemd og jobba som nyheitsreporter i NRK radio før han tok mastergrad og søkte seg til instituttsektoren. Foto: Endre Hilleren

– Å vere trainee er ein måte å prøve forskarrolla på utan å bli sleppt rett ut på djupt vatn, seier Torbjørn Selseng. Han kom sjølv til instituttet gjennom denne ordninga for tre år sidan. No er ei ny traineestilling lyst ut med 15. mars som søknadsfrist.

Det har vore traineear ved Vestlandsforsking i rundt 20 år, og fleire av dei som kom til instituttet gjennom Framtidsfylket si ordning, jobbar framleis ved instituttet. Dei siste traineeane har vore rekrutterte frå Høgskulen på Vestlandet sine masterutdanningar.

Oppdaga metode

Torbjørn Selseng tok masterutdanninga i  Climate Change Management. Før det hadde han studert journalistikk, jobba som nyheitsreporter i NRK og etablert si eiga strikkeverksemd. Undervegs i masteren, tende metodefaget noko uventa ei gnist i Torbjørn. Det gjekk det opp for studenten kva slags spenn av mogelegheiter som ligg i spørsmåla ein forskar stiller når hen skal søke svar på ei problemstilling.

– Noko av det mest spennande er vegen mot ei innsikt og korleis du vardar den vegen, både prinsippa rundt det og alt det praktiske du må avvege. Det får ein jobbe med når ein utviklar prosjekt på eiga hand, seier Torbjørn.

Innfallsport til eit spennande fagfelt

Han fekk tips om at Vestlandsforsking søkte etter traineear, og flagga interesse. Då utlysinga kom, vart han ein del av klima- og miljøgruppa. Året etter gjekk han over i ei fast stilling.

– Det må vere unikt i verdssamanheng at du kan kome fersk frå ein master og hoppe rett inn i nokre av verdas mest presserande problemstillingar – og ha innverknad frå dag éin på korleis verda skal utvikle seg vidare, seier Torbjørn.

– Du får ikkje slike mogelegheiter mange stader, understrekar han. Han sette pris på å få delta på Framtidsfylket sine samlingar.

– Traineeprogrammet er ein flott måte å få seg eit nettverk på, utanfor jobb. Det kan vere veldig sunt og nyttig uansett kva du jobbar med. Det er eit proft opplegg som dei fleste vil ha nytte av. Å slå seg ned i Sogndal – bygda han vaks opp i – var òg ei god oppleving.

– Sogndal er ein plass du lett kan kome til utan å kjenne nokon, for her er det mange i same situasjon.

Ung mann med mac på møte
Tre år ettar at han kom til Vestlandsforsking som trainee, er Torbjørn i gang med eit doktorgradsprosjekt innan berekraftig klimatilpassing. – Målet er å få kommunetilsette med ulik fagbakgrunn til å forstå kvarandre betre og snakke betre saman, seier Torbjørn. Foto: Idun A. Husabø

 

Tilpassing til klimaendringar

No, tre år etter at han kom til instituttet, forskar han særleg på korleis samfunnet skal stille seg for å takle at klimaet endrar seg.

– Vi leier det mest spennande forskingsmiljøet i landet innan klimatilpassing, seier Torbjørn, og siktar til Noradapt, Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, som Vestlandsforsking driv på vegner av åtte institusjonar og fagmiljø over heile landet.

Han karakteriserer klimatilpassing som eit relativt ferskt felt som er i stor utvikling, samtidig som det er «heilt eksistensielt».

Kvifor? Fordi det blir klarare for kvar dag at det kjem aldri til å bli nok å redusere utsleppa av klimagassar, meiner forskaren.

– Uansett om vi kuttar utslepp i dag, blir vi berre meir og meir sårbare.

Stor innverknad

Sjølv om han sit mykje og jobbar for seg sjølv frå cellekontoret på Campus Sogndal mellom møte og konferansar, opplever Torbjørn at det er ei direkte kopling i nesten alt han gjer til klima- og miljøpolitikk og til korleis oppgåver blir løyste og prioriterte av myndigheitene.

– Der er vi verkeleg med å påverke, seier han.

I tillegg til å forske på korleis vi kan trygge vegane vi køyrer på eller sikre at husa vi bur i toler at det regnar meir, er Torbjørn og fagmiljøet hans opptekne av at vi løftar blikket og ser på det globale biletet, for klimaendringane vil òg slå hardt ut for andre delar av verda, og det vil i sin tur merkast hjå oss.

– Alt heng saman med alt, og ein pressa ressurssituasjon vil leie til fleire konflikter, som igjen vil merkast i form av at vi ikkje får tak i alt vi treng, sjølv her, seier Torbjørn.

Håpar på mange søkjarar

Den eller dei som får tilbod om ei traineestilling ved Vestlandsforsking, vil truleg jobbe med klimatilpassing – som Torbjørn –  og ha oppgåver knytt til tenesta Norsk klimamonitor. Samtidig er det opning for å delta i andre forskingsprosjekt innan klima og miljø, seier gruppeleiar Hans Jakob Walnum.

– Vi utlyser breitt på alle gruppa sine område og ser etter gode kandidatar, seier han.

Direktør Anne Karin ser fram til å innlemme nok ein ung forskar i eit spennande, tverrfagleg forskingsmiljø med regionale, nasjonale og internasjonale oppdrag.

– Vi lovar at traineen vår vil få eit givande og utviklande år saman med kjekke kollegaer her på instituttet, seier ho.

 

Søknadsfrist: 15. mars

Her finn du utlysinga av traineestillinga

 

Les saka "Lynrask trainee" frå 2020