• To kvinner med biokol i små glas står framfor skiltet til Vestlandsforsking

    Vestlandsforsking ser store fordeler i å starte med produksjon av biokol i Sogn, etter å ha utgreidd spørsmålet for avfallsselskapet Simas IKS.
    – I lågutsleppssamfunnet vi skal rigge det neste tiåret, er det biologiske avfallet vårt for verdifullt til at vi kan køyre det til forbrenning i Sverige, seier prosjektleiar Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking.

  • Middelaldrande mann med briller og vanlege klede står i trapp i eit moderne høgskulebygg

    – Dei siste åra har pedagogane i større grad innteke førarsetet, seier Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking om IKT i opplæring og utdanning. På neste utgåve av konferansen, som av omsyn til smittevern er utsett til mars 2022, legg IT-forum Vest vekt på å vise fram dei gode døma på bruk av IKT i sektoren.

  • To skjermar i eit auditorium der det står ein mann fremst. Blå, vakre motiv på skjermane frå Arktis (identiske). Mørk sal.

    Polarekspedisjonar, forskingsetikk og mangfald og likestilling i akademia var ingrediensane i Vestlandsforsking-dagen 2021. – Eit viktig mål for denne dagen er å bygge instituttkultur, seier direktør Anders-Johan Almås.

  • Kvinne med skjerf smiler til kamera. Tidsskrift-hylle i bakgrunnen.

    Vestland fylkeskommune og nøkkelaktørar i FoU-sektoren i Vestland har skipa eit nytt nettverk. Horisont Vestland skal sikre at regionen dyrkar fram gode søknader til EU sitt nye forskingsprogram.

  • Trebord i lyst lokale. Kollegaer i møte sit og ser smilande framfor seg. Laptop i framgrunnen.

    Då Vestlandsforsking undersøkte likestilling, inkludering og mangfald blant eigne tilsette, peika eitt trekk seg ut: Tilsette står svært fritt når det gjeld kor og korleis dei gjennomførerer arbeidet sitt. Slik var det også før pandemien. Fridomen gjer det lettare å kombinere jobb og familieliv og bidreg til god trivsel, viser kartlegginga instituttet har gjort i eigne rekker.

  • Smilande, langhåra kvinne i raud cardigan med bygardar i bakgrunnen og blå himmel

    I januar 2022 tek Anne Karin Hamre over som direktør for Vestlandsforsking. Hamre er tidlegare fylkesmann i Sogn og Fjordane og kjem frå stillinga som ekspedisjonssjef i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
    – Eg gler meg til å leie eit sterkt forskingsinstitutt som er i god vekst, seier Hamre.