Tina brenn for inkludering gjennom utdanning

Tina med Maya på Hamre
Tina Vrieler bur førebels på Leikanger. Her med hunden Maya. Foto: Daan Vrieler

Svenske Tina Vrieler er ny i Norge og ny på Vestlandsforsking, der ho er ein av forskarane på feltet mangfald, inkludering og teknologi. Med oppvekst i Thailand og Nord-Sverige, ho den første i sin familie med høgare utdanning.
– Mine eigne erfaringar bidreg nok til at eg interesserer meg for alt som handlar om inkludering, seier ho.

– Kva betyr «kor»? Og kva var det ordet du sa der? Tina Vrieler har berre budd i Sogn eit par veker, men er alt i gang med å legge om til norsk, trass i at kollegaene forstår ho godt når ho pratar svensk.

– Språk er nøkkelen til integrering. Eg vil vere ein god innvandrar, ler ho.

Frå asiatisk storby til nordisk utkant

Det er ikkje første gongen Tina tek fatt på noko heilt nytt. Då ho var ti år flytta ho med mora frå den pulserande storbyen Bangkok, som i dag har over 11 millionar innbyggarar, eller litt over 17 millionar, om du tel med omlandet. I Thailand var skulen alt, og lærarane la stor vekt på at elevane skulle lære seg ting utanåt. Kvar klasse hadde 50 elevar. Fritidsaktivitetar var det aldri snakk om.

– Eg har sett to veldig ulike utdanningssystem, seier ho.

Tina Vrieler med ph.d.-avhandling
Tina disputerte for doktorgraden i datavitskap sommaren 2025. Ph.d.-en tok ho ved Uppsala universitet, med orientering mot datavitskapens didaktikk. Foto: privat

I Nord-Sverige var alt annleis. Området dei kom til, var prega av fråflytting. På den nye heimstaden var det langt mellom folk, og tiåringen Tina tykte det var uvandt å sjå så få menneske. Det var få innvandrarar, og Tina kjende seg annleis.

Tilfeldige vegval

”Vem vill jag bli?” Spørsmålet heimsøkte Tina då det var tid for å velje retning i livet. Ho hadde ingen konkret plan. Ho hadde ikkje foreldre som kunne hjelpe ho med å navigere ut frå eigne erfaringar. Dermed blei løysinga å la seg inspirere av venner og prøve seg fram.

Ho starta med økonomistudiar i Lund, men hoppa fort av. Så utforska ho digitale medium i Stockholm med tanke på å bli dokumentarfilmskapar eller produsere medieinnhald.

Det var i arbeidet med bacheloroppgåva Tina fann eit fagområde som tende ein gnist i ho. Tina kom i kontakt med ei forskingsgruppe for informasjonsteknologi (IKT) i utviklingsarbeid.

– Det tykte eg var meiningsfullt, å bruke IKT til å betre livsvilkåra for menneske i utviklingsland, seier Tina.

Slump leidde til doktorgrad

At det blei doktorgrad av studiane, trur Tina handlar om tilfeldigheiter og flaks. Ein professor oppmuntra ho til å ta master i faget, og seinare til å ta doktorgrad.

– Eg visste ikkje eingong kva ein doktorgrad var, men professoren forklarte at det var om lag som å skrive fem masteroppgåver til, smiler Tina. Ho slo til på tilbodet.

– Det passa meg godt å ha ansvar for mi eiga tid, og eg forstod forskingsmetoden. Det var logisk for meg, så då satsa eg på doktorgrad, seier ho.

Stipendiatstillinga var ved Uppsala universitet, i faget datavitskapens didaktikk, som ein òg kan kalle utdanningsvitskap.

– Sidan eg alltid har interessert meg for læring og utdanning, tenkte eg det var ein fin kombinasjon, å få lære meir om både IKT og utdanning.

– Skulen må inkludere alle

Avhandlinga hennar handlar om korleis ein kan forstå at enkelte barn brukar heile fritida si til å programmere og korleis ein kan lukkast med å inkludere alle barn i skulen, uavhengig av faktorar som kjønn, sosioøkonomisk bakgrunn og etnisitet – eit tema som heng saman med erfaringa med å stå på utsida av det svenske samfunnet og måtte kjempe for å høyre til.

– Mine eigne erfaringar bidreg nok til at eg interesserer meg for alt som handlar om inkludering, seier ho.

– For meg er det viktig korleis ein legg opp utdanning slik at det passar for alle ungar, ikkje berre dei som har bakgrunn frå middelklassen.

Tina Vrieler på ski med barn og hund
Tina er over gjennomsnittet interessert i friluftsliv. Her er ho på ski med to av døtrene sine og familien sin hund. Foto: privat

"Ein perfekt pensjonist"

Tina flytta frå Uppsala til Leikanger like etter jul saman med familien sin. Viss ein ser på korleis ho brukar fritida si, skulle ein aldri trudd ho har budd andre stader enn i Norden. Alt etter ei veke var ho i gang med å ake og prøve skøyter på Barsnesfjorden, melde både seg og ungane på turn og leite etter symjekurs.

– Eg elskar å vere aktiv og prøve nye ting. Eg ville vere ein perfekt pensjonist, ler ho og ser for seg alle kursa, aktivitetane og foredraga ho ville gå på.

Sjølv takkar ho den svenske skulen for at ho heng med, både når det gjeld friluftslivet og livet elles. Takka vere den svenske skulelunsjen veit ho kva andre svenskar har på middagsbordet.

– Skulen har betydd mykje for meg når det gjeld å kome inn i samfunnet. Den har gjort meg svensk, smiler ho.

Glad for å jobbe med Hilde

Ein viktig faktor i å lokke Tina til Sogn, var sjansen til å jobbe med Hilde G. Corneliussen, som er ein senior på feltet kjønn, mangfald og inkludering og har gitt ut fagbøker om kvinner og IKT.

Sidan ho avslutta arbeidet med doktorgraden sin i sommar, har Tina leita etter jobb. Ho kom i kontakt med Hilde etter å ha sendt ho avhandlinga si.

– Hilde er så dyktig! Eg ser verkeleg fram til å jobbe med ho, seier Tina.

Sjølv om det å flytte frå Sverige betyr å forlate mange venner og familiemedlemmer, gler Tina seg til den komande tida i Sogn.

  Ein må prøve nye ting. Eg vil ikkje vere redd for livet – vi har jo berre eitt liv, og det må vi bruke!