Forsking og innovasjon

Artiklar

  • Tjue forskarar i ulike aldrar står framfor eit snødekt fjell på Vestlandet og ser i kamera medan dei smiler. Eit hotell kan skimtast på sida bak dei.

    Talet på forskarar innan teknologi, robotikk og kunstig intelligens har mangedobla seg ved Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet dei siste seks åra, takka vere prosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane.

  • Direktørar FOKUS-institutta

    Direktørane for dei regionale samfunnsvitskaplege institutta reagerer sterkt på regjeringa sitt framlegg om å avvikle Regionale forskingsfond.
    – I ei tid der store utfordringar står i kø, treng vi verkemiddel som kan bidra til omstilling og innovasjon over heile landet. Å avvikle verkemiddel som nettopp bidreg til dette, er særs uheldig, skriv dei i ein uttale om framlegget til statsbudsjett for 2024.

Publikasjonar