Teknoløft Sogn og Fjordane: Frå tre til 20 forskarar
Talet på forskarar innan teknologi, robotikk og kunstig intelligens har mangedobla seg ved Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet dei siste seks åra, takka vere prosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane.
Ein av dei tilsette ved HVL Robotics Lab i Førde disputerte nyleg for doktorgraden, medan ein annan akkurat starta opp. Men Gizem Ates Venås og Raquel Tirach er berre to av dei tilskota til teknologimiljøet på Campus Sogndal og Førde dei siste åra; ved Vestlandsforsking har ph.d.-stipendiat Bjørn Christian Weinbach og seniorforskar Malin Waage starta opp nye fou-prosjekt basert på kunstig intelligens.
Alle er under 35 og har teknologisk kompetanse i botnen, og no får dei fagleg utvikling som set dei i stand til å leie større forskingsprosjekt og søke om nye midlar.
Har styrka fagkompetansen
At det gror så godt i dette fagmiljøet, har ei forklaring: Ved hjelp av finansiering frå Kapasitetløft-ordninga til Noregs forskingsråd og medfinansiering frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Vest, har fagmiljøet greidd å mangedobla seg på berre seks år.
– Det viktigaste vi har oppnådd gjennom Teknoløft, er å byggje kapasitet og kompetanse som kjem til å vare og kaste av seg, seier direktør Anne Karin Hamre ved Vestlandsforsking. Ho deltok på sluttseminaret til Teknoløft i Loen nyleg, og er svært nøgd med resultata til Erik Kyrkjebø, Øyvind Heimset Larsen, Rajendra Akerkar, Ivar Petter Grøtte og dei andre som drog i gang Teknoløft for seks år sidan.
Meir forsking i næringslivet
Ein annan viktig del av Teknoløft har vore å mobilisere næringslivet i regionen til forsking. Dette innebar å møte bedrifter i heile Sogn og Fjordane og drøfte mogelege forskings- og innovasjonprosjekt, til saman rundt 75 verksemder i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.
Ut av denne innsatsen har det kome heile fire innovasjonsprosjekt for næringslivet, to forskingssamarbeidsprosjekt og eit forskingsprosjekt knytt til førebygging av netthets ved bruk av ny teknologi (SOCYTI).
– Næringslivet i regionen har forska vesentleg meir innan satsingsområda som resultat av samarbeida og aktiviteten i prosjektet, seier Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking. Høgskulen på Vestlandet har òg skipa ei ny masterutdanning, anvendt datateknologi og ingeniørvitskap. Her blir det utdanna studentar med kompetanse næringslivet i regionen har stor bruk for.
Nye næringar er også kome med i samarbeidet med forskingsmiljøa. Forsking på bruk av robotar og kunstig intelligens i landbruk, særleg i frukt- og bærdyrking, var ikkje tenkt på i starten, men er no eit viktig område. seier Ivar Petter Grøtte ved Vestlandsforsking.
Har avla nye prosjekt
Sidan starten i 2018 har fagmiljøa i Sogndal og Førde fått utbetalt til saman 26,2 millionar kroner frå ordninga Kapasitetløft. Seks år seinare kan dei slå fast at dei har skapt verdiar for svimlande 220 millionar kroner i form av nye forskingsprosjekt som er svært relevante og svarar på behov i bedrifter i området, seier prosjektleiar Erik Kyrkjebø ved HVL.
– Det er meir enn åtte gonger så mykje som vi først fekk delt ut av Forskingsrådet. Rapporteringa til Forskingsrådet skjer no, og Kyrkjebø reknar med at evalueringa av prosjektet vil bli positiv.
– Vi i Forskingsrådet er glade for å sjå alle dei gode resultata og moglegheitene dette gir næringslivet i regionen til auka samarbeid med forskarar om innovasjonsprosjekt og utdanning. Prosjektet bidreg til at kunnskap blir tatt raskare i bruk, seier Merete Lunde, som er regionansvarleg for Vestland i Forskingsrådet.
Les meir om prosjekta som spring ut av Teknoløft Sogn og Fjordane