Rapport
Id:
August 2021

I arbeidet med å kutte klimagassutsleppa kan vi både kome til å auke utsleppa, svekke vår evne til å møte klimaendringane og svekke det biologiske mangfaldet. Naturpanelet (IPBES) har vist at menneskeleg aktivitet tærer så kraftig på artar, økosystem og ressursar at det alvorleg svekker naturen si evne til å gi oss livsviktige bidrag i form av mat, vatn og eit leveleg miljø. Det er med andre ord stort behov for å sjå klimagassutslepp, biologisk mangfald, klimatilpassing og energiomstilling i samanheng, omtalt som samspel i denne rapporten. KS har bede Vestlandsforsking om å greie ut samspel m.a. fordi langtidsstrategien til KS set fokus på desse samanhengane.