Referat frå første samling

Prosjektaktivitet
Id:
September 2023

Vestlandsforsking arrangerte eit to-dagars oppstartsmøte for det nye prosjektet sitt, "SusRenew: Omstilling til eit berekraftig klimasystem med låg klimarisiko". I prosjektet samarbeidar forskarar frå Aalborg Universitet, NORCE Klima, og Institutt for energiteknikk (IFE) i Sogndal, med mål om å leggje eit godt grunnlag for forskingsaktivitetar som vil pågå dei komande fire åra.

Det overordna forskingsmålet er: Korleis kan den norske fornybarsektoren nå dei lågutsleppsmåla som er sett av norske styresmakter for 2050, og samstundes sikre at energisystemet blir motstandsdyktig mot klimaendringar? Prosjektet har fått 12 millionar kroner frå Norges forskningsråd til å finne ut kva former for fysisk klimarisiko som kan oppstå ved overgangen til et hundre prosent fornybart energisystem og kva tiltak som er aktuelle for å redusere risikoen.