Idun A.
Husabø
tilsett
Stillingstittel:
Forskar og kommunikasjonsansvarleg i Noradapt
Akademisk tittel:
M.Sc.
Telefon:
Tilsett:
2006

Idun A. Husabø har graden MSc Asian Politics frå School of Oriental and African Studies (SOAS) ved University of London, med spesielt fokus på Kina. Ho er frå før cand.mag. i samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen og har faget Conflict, Mediation, and Dialogue frå Høgskolen i Oslo.

Idun vart tilsett hausten 2006. Ho hadde då bakgrunn som journalist i NRK og hadde vore i Kina for Fredskorpset og Røde Kors Nordisk United World College. I 2011–14 var ho seniorrådgjevar i Kompetansesenter for distriktsutvikling, eit forvaltingsorgan under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Ho har forfatta to bøker: «Kjartan Slettemark – kunsten å falle» (2009) og «Balestrand» (2011) og er medlem av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Ved Vestlandsforsking forskar Idun på korleis samfunnet kan tilpasse seg klimaendringane, med vekt på samfunnstryggleik og oppgåvene til lokale og regionale forvaltningsaktørar. Ho har i fleire år jobba i skjeringspunktet mellom forsking og formidling. Til dømes var ho ein av bidragsytarane til den statlege portalen Klimatilpasning.no, både då Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap etablerte portalen i 2007-8 og i samband med Miljødirektoratet si nylansering i 2016. Sidan 2014 har ho utført populærvitskapleg formidling og kommunikasjonsarbeid for Vestlandsforsking, Høgskulen i Sogn og Fjordane og den samanslåtte Høgskulen på Vestlandet.

Idun er kommunikasjonsansvarleg i Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) som samlar åtte av landets fremste fagmiljø på klimatilpassing. Senteret opna i 2018 og er lagt til Vestlandsforsking.

Publikasjonar: