Aktuelt-arkiv

  • Lin Prøitz som er knytt til Vestlandsforsking, har fått EU-stipend for å forska på korleis unge i dag oppfattar politiske hendingar og uttrykkjer det gjennom fotografi på sosiale medium.

  • test

    I 2015 feirar Vestlandsforsking 30 år. Forskingsinstituttet blei stifta 13. mars 1985 av Sogn og Fjordane fylkeskommune, med god hjelp frå Kommunaldepartementet, bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket som gjekk inn med midlar til eit grunnfond.

  • Hans Jakob Walnum og Carlo Aall ved Vestlandsforsking har i samarbeid med Søren Løkke publisert artikkelen «Can Rebound Effects Explain Why Sustainable Mobility Has Not Been Achieved?». Artikkelen drøftar svar på kvifor det er så krevjande å nå målet om berekraftig mobilitet.

  • Title: Assistance in the life-cycle assessment of: ethanol-blended gasoline, and tiles made from waste cathode ray-tube (CRT) glass

  • Forskingsrådet har delt ut midlar til dei forskingsinstitutta som har lukkast med å få forskingsprosjekt i EU. Vestlandsforsking er eit av dei få institutta som blir tildelt midlar av det som blir kalla STIM-EU.

  • Presentasjonar frå seminaret

  • Prosjektet starta opp i 2013 og blir no avslutta med eit seminar i Oslo arrangert av Finans Norge, Vestlandsforsking og Geografisk Institutt ved NTNU.

  • Filmen "The Imitation Game" har ført til fornya interesse for den britiske matematikaren og datamaskin-pioneren Alan Turing. Turing starta med å beskriva ei "universell maskin" som svar på ei utfordring gitt av den tyske matematikaren David Hilbert. Den universelle maskina var faktisk den første beskrivelsen av ei generell datamaskin. Seinare var Alan Turing involvert i å byggja ei datamaskin basert på prisippa til den universelle maskina.

  • Blir det meir eller mindre lokal verdiskaping av å satse meir på cruiseturisme i Sogn og Fjordane? Kva er verknaden på utslepp av klimagassar av å satse på meir kortreist turisme? Dette er eksempel på spørsmåla det er viktig å ta stilling til om ein skal følgje opp målet i Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane om at berekraftig forvaltning skal vera eitt av fylket sine viktigaste konkurranseføremoner.

  • Cenk Demiroglu, gjesteforskar ved Vestlandsforsking, gjennomfører ein studie av klimatilpassing innan skidestinasjonar.

  • Statsminister Jens Stoltenberg vil ha fart på digitaliseringa i offentleg sektor. Han treng ikkje gå langt, han kan berre ta ein prat med kollega Bård Vegar Solhjell og opna opp kartdata for å få eit skikkeleg løft.

  • Best av dei regionale institutta på internasjonalt samarbeid. Mellom dei tre beste på vitskapleg publisering.

  • Gruppa som arbeider med semantiske teknologiar ved Vestlandsforsking var på studietur til universitetet i Leipzig i forrige veke. Universitetet i Leipzig er mellom dei leiande miljøa i Europa på fagområdet semantiske teknologiar og særleg lenka data (Linked Data).

  • Gjennom eit forskingsprosjekt finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune har Vestlandsforsking utvikle eit system for korleis norske fylkeskommunar kan følgje opp fylkeskommunale klimaplanar og vurdere om dei når sine mål og ambisjonar med tanke på reduksjon av klimagassutslepp knytt til både produksjon og forbruk regionalt.

  • Vestlandsforsking avdekkar at det framleis er mange uavklara ansvarsområde innan klimatilpassing.

  • Dersom kommunane følgjer regelverket kan dei forhindre at mange av dei naturskadehendingane som har skjedd tidlegare skjer igjen. Samtidig er det fleire naturfarar som kan bli vanlegare med framtidige klimaendringar og som dagens regelverk og arealplanlegging ikkje fangar opp.

  • Fagfellevurdering (peer review) er sjølve fundamentet i forskinga. Nye påstandar blir sette fram og må evaluerast opp mot eksisterande kunnskap og så aksepterast eller forkastast. Oftast skjer dette gjennom publisering av artiklar som så vert vurderte av fagfeller på området. Spørsmålet er om slike evalueringar er gode nok? Mykje tyder på at svaret er NEI.

  • Presentasjon på nordisk fagkonferanse i Umeå.

  • Tidlegare direktør og forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Karl Georg Høyer, døydde laurdag 10.november.