Mykje å lære av naturskadehendingar
Dersom kommunane følgjer regelverket kan dei forhindre at mange av dei naturskadehendingane som har skjedd tidlegare skjer igjen. Samtidig er det fleire naturfarar som kan bli vanlegare med framtidige klimaendringar og som dagens regelverk og arealplanlegging ikkje fangar opp.
Dette er nokre av funna som blei lagt fram på årssamlinga til prosjektet ”Arealplanlegging og beredskap for framtidas klima” (AREALKLIM) i Leikanger 20.-21. november.
Kyrre Groven, Ragnar Brevik og Halvor Dannevig, alle forskarar ved Vestlandsforsking, presenterte dei førebelse resultata etter studiar av åtte ulike naturfarehendingar på Vestlandet. I fire av dei åtte tilfella trur forskarane at dersom kommunen på utbyggingstidspunkt eller ved regulering av det berørte arealet hadde brukt reglane frå datidas plan- og bygningslov, kunne dei ha hindra utbygging av utrygge områder. Hadde dei hatt dagens reglar kunne dei i sju av dei åtte tilfella ha hindra utbygging eller kravd sikringstiltak. Samtidig blei det poengtert at verken jordskred, sørpeskred eller flomskred blir fanga opp av aktsomheits-karta kommunane brukar i arealplanlegginga. Skal kommunane fange opp slike farar, må dei som gjennomførar risiko- og sårbarheitsanalysar ha god fagkunnskap om skred eller svært god lokalkunnskap. Det har dei ikkje alltid.
Ny kunnskap om jordskred
Stein Bondevik, professor i geologi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, la fram resultata av undersøkingar av fleire jordskred som ble utløyst av Lokestormen i november 2005. Arbeidet, som for det meste var utført av geologistudentar ved høgskulen, viste at eit av jordskreda blei utløyst på ein måte som hittil har vore ukjent, ved at vasstrykk i jorda fører til et eksplosjonsliknande utbrot av vatn og lausmassar i jordsmonnet. Vidare var hellinga i utløysningsområdet slakare enn det ein tidlegare har brukt som nedre grense for utløysning av jordskred i skredfarekartlegging. Med auka intense nedbørshendingar i framtida betyr dette at vi kan få utløyst jordskred i slakare terreng enn det geologane har rekna som muleg.
Klimaendringane kan gi meir langvarige periodar med lågtrykk
På Vestlandet har november vore prega av vedvarande regn. Slike langvarige lågtrykksperiodar vil truleg bli meir vanleg i tida framover, i følgje ny klimaforsking som forskar Martin Miles frå Bjerknessenteret i Bergen presenterte. Dette skuldast av jetstraumane som styrer lågtrykksbanene no ser ut til å bli liggjande lengre på same stad. Dette kan igjen gje fleire langvarige nedbørsperiodar.
Ny naturfarekunnskap skaper utfordringar for kommunane
To av kommunane som deltok i prosjektet presenterte sine pågåande planprosessar som følgje av prosjektet. Hugo Kind frå Stavanger kommune orienterte om korleis kommunen forsøker å ta høgde for meir nedbør i overvasshandteringa i eit planlagt bustadområde, mens Arne Kringlen frå Naustdal kommune la fram kommunen si utfordring med å handtere sørpeskredfare i eit planlagt bustadområde utanfor Naustdal sentrum. Her har kommunen fått NGI til å kartlegge skredfare og steinsprangfare, då deler av planområdet var avmerka som aktsomheitsområde på skrednett.no. Vidare hadde ein bekymra bebuar varsla kommunen om at det for hundre år sidan hadde gått sørpeskred som kravde liv i området. NGI si kartlegging viste at også eksisterande bustader er truga av sørpeskred. Når kunnskapen no ligg føre, er kommunen pliktig å ha ein beredskap for dette etter lov om kommunal beredskapsplikt. Kommunen må no vurdere om det skal byggjast sikring mot sørpeskredet eller om det skal handterast på ein anna måte.
På samlinga blei det også diskutert å sjå nøyare på fylkeskommunen og fylkesmennene si rolle i arealplanarbeidet, og korleis både desse instansane si eiga planlegging og rettleiing overfor kommunane kan styrke mulegheita til å avverje naturfarehendingar.
AREALKLIM-prosjektet blir leia av Vestlandsforsking og finansierast av Regionalt Forskningsfond Vestlandet, Statens Naturskadefond, NVE, Hordaland Fylkeskommune, Sogn- og Fjordane Fylkeskommune og Møre- og Romsdal Fylkeskommune. Prosjektet varar fram til 2014. Sjå http://prosjekt.vestforsk.no/arealklim for meir informasjon.