Fag og feller

Fagfellevurdering (peer review) er sjølve fundamentet i forskinga. Nye påstandar blir sette fram og må evaluerast opp mot eksisterande kunnskap og så aksepterast eller forkastast. Oftast skjer dette gjennom publisering av artiklar som så vert vurderte av fagfeller på området. Spørsmålet er om slike evalueringar er gode nok? Mykje tyder på at svaret er NEI.

 

Professor Stephen Mumford ved universitetet i Nottingham tek opp dette temaet i eit lesarinnlegg i Forskerforum. Han spør om det er noko anna enn sjølvregulering som hindrar at fagfellevurderte tidsskrift blir reine gutteklubbane for eliteuniversiteta.

Mumford stiller spørsmålet med god grunn. Alle som både har sendt inn artiklar til vurdering, og ikkje minst vorte spurde om å evaluera andre sine artiklar, veit at det kan vera nokså lemfeldig, i tydinga overflatisk. Du treng ikkje vera ekspert på området for å vurdera ein artikkel. Ofte er det så stor mangel på evaluatorar at kvalitetssikringa er så som så, det er i alle fall mi eiga erfaring og slik sett stemmer det med påstandane til Mumford. Det er då også ofte frustrerande å få lettvinte kommentarar tilbake på ein artikkel som ein har arbeida med i månadsvis, ja i enkelte tilfelle over år.

Det er eit stort behov for heving av kvaliteten på evalueringarbeidet, og ei slik heving vil også heva kvaliteten på artiklar som blir publiserte. Men kven vil bruka fleire dagsverk på evaluering av ein artikkel? Her er det eit for stort gap mellom forventningar og verkemiddel.

Det er fleire vegar ut av uføret, men eg trur ressursar til evalueringsarbeidet er nødvendig uansett kva veg ein vel. Spørsmålet er så kor ressursane skal komma frå? Utanom dei store tidsskriftforlaga er det lite ressursar og mykje dugnadsarbeid. Kanskje er ”open access”-metoden der ein gjerne må betala for å få publisert, ein måte å betra systemet på.

Ein annan måte, som er heilt gratis, er å publisera både artikkel og evalueringar på nettet, slik dette eksempelet viser. Her er i tillegg evaluatorane sine namn offentleggjorde. Det er klart du legg litt ekstra arbeid i ei evaluering om du veit at den vil bli publisert med namnet ditt på. Men også her vil det til slutt bli eit spørsmål om ressursar.

Det må uansett gjerast noko på dette området. Dagens evalueringssystem er ikkje godt nok.