Den gordiske kartknuten

Statsminister Jens Stoltenberg vil ha fart på digitaliseringa i offentleg sektor. Han treng ikkje gå langt, han kan berre ta ein prat med kollega Bård Vegar Solhjell og opna opp kartdata for å få eit skikkeleg løft.

 

Bård Vegar Solhjell kan bli helt om han evnar å hogga over den gordiske kartknuten som hemmar mykje av utviklinga innan digitalisering i offentleg sektor, særleg det som gjeld opne data. Kartverket strittar i mot ei slik utvikling sidan dei då vil mista 100 – 200 mill. kroner i inntekter.

Massivnedlastingsgrensesnitt (?)
Men akkurat no er det lite som tyder på at ei helterolle og gjennombrot for opne kartdata er nær føreståande. I sommar vart rapporten ”Utredning om mulige avgivergrensesnitt for grunnbok- og matrikkelinformasjon”. Bak den lite klarspråk-inspirerte tittelen (smak også på ordet massivnedlastingsgrensesnitt som er sentralt i rapporten) ligg ei utgreiing om korleis og på kva nivå Kartverket skal levera data framover. Utgreiinga vart sett i gang fordi eineretten  statsforetaket Norsk eigedomsinformasjon AS har hatt til formidling av eigedomsdata, herunder kartdata, har opphøyrt. Utgreiinga er gjort av ei intern gruppe frå Miljøverndepartementet, med hjelp frå Statens kartverk.

Kva er rådata?
Den store striden går på formidling av rådata. Utgreiinga skulle definera begrepet, men har enda opp med å skapa endå meir forvirring:

” Prosjektgruppen har funnet det særlig utfordrende å definere hva som er ”rådata” i relasjon til eiendomsdatabasene. Selv om Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet gjør bruk av begrepet rådata i sine retningslinjer om tilgjengliggjøring av offentlig informasjon, har man ikke fra sentralt hold etablert en entydig definisjon av begrepet. De innspill som er kommet inn i prosjektperioden har heller ikke bidratt til avklaring. Prosjektgruppen ser det slik at hva som kan betraktes som rådata vil ofte være relativt. Ståsted og formål med bruk av dataene vil derfor kunne påvirke definisjonen og kanskje riktigere forståelsen av begrepet. Det finnes følgelig ikke noe klart universelt rådatabegrep...

Prosjektgruppen anbefaler for sin del å innføre et nytt begrep kalt ”grunndata”, som laveste nivå for data som Kartverket skal avgi til markedsaktører. Gruppen velger videre å anse grunndata for å være rådata i relasjon til eiendomsinformasjon”

Kor vanskeleg er det eigentleg?
Men er det verkeleg så vanskeleg? Problemet er at Kartverket ønskjer å opna opp for aggregerte data og levera kart og ikkje data. Det store problemet er at det ikkje er muleg å lasta ned kartdata på lågaste nivå for å bruka dei i eigne kartapplikasjonar. For å ta eit eksempel: Den opne, dugnads-baserte karttenesta OpenStreetMap (OSM), kan ikkje bruka rådata/grunndata frå Kartverket som grunnlag for karta i Norge. Resultatet er at alle frivillige må teikna inn vegar, hus osv. på nytt, altså gjera om igjen jobben som Kartverket alt har gjort, og som alle innbyggjarar i Norge har betalt for. Det er dette som er sakens kjerne og der det trengst eit radikalt grep. Med kartdata frå Kartverket ville OSM og andre også fått eit mykje meir nøyaktig grunnkart, og ikkje det relativt unøyaktige satelitt-baserte kartgrunnlaget dei har i dag.

Hard strid mellom departementa
Høyringssvara er ganske klare på at ei opning av kartdata heilt nødvendig. Mest overraskande er kanskje ordbruken frå andre departement, særleg Fornyings- og adm.dep. og Nærings- og handels-dep. FAD går i sin høyringsuttale rett på sak og slaktar eigentleg rapporten frå MD på punkt etter punkt. Dei hjelper også MD med det ”vanskelege” rådata-begrepet:

”Gjennom mandatet for utredningen fikk prosjektgruppen i oppgave å definere begrepet "rådata". Utredningen bruker begrepet "grunndata", som er definert som "rådata i relasjon til eindoms¬informasjon". Ordet "grunndata" brukes imidlertid også til å omtale Kartverkets "basisprodukter".

I høringsbrevet er rådata derimot omtalt som "innlagte data, også kontrollerte, som ikke er videre bearbeidet". Dette er en god måte å beskrive rådata på. Det er også et viktig poeng at rådata skal kunne "løses opp av mottakerne".”

Også NHD går kraftig til verks mot kollegaene i Miljøverndep.:

”Det er departementets vurdering at utredningen legger opp til løsninger som er i strid med forutsetninger i Justisdepartementets utredning om fremtidig organisering av tinglysingen, Offentleglova og viderebruksdirektivet. Med det opplegget som beskrives i utredningen ser vi en fare for at ikke minst næringslivets tilgang til eiendomsinformasjon og utvikling av nye verdiøkende produkter knyttet til slike data settes tilbake. Innvendingene er utdypet nedenfor.”

På toppen av det heile har Norsk Eiendomsinformasjon AS, som altså er eigd av NHD, gått til sak mot Miljøverndepartementet for det dei meiner er ein urimeleg høg pris for data frå Kartverket.

Hogg over den gordiske knuten!
Problemet kan løysast med eitt hogg. Kartverket får kompensert for inntektstapet over statsbudsjettet mot å frigi kartdata fullstendig, verre er det ikkje. Samfunnet får tilbakebetalt fleirfaldige gangar i form av stor aktivitet og mange nye, verdiaukande tenester.

For Kartverket kan det sikkert bli litt stussleg sidan dei må konsentrera seg meir om rå-/grunndata og mindre om tenester og applikasjonar. Men det er mykje av poenget med opne data: Meir av dei verdiaukande tenestene skal skje hos andre, men gjerne i tett dialog og samarbeid med Kartverket.