Styringssystem for fylkeskommunal klimapolitikk

Gjennom eit forskingsprosjekt finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune har Vestlandsforsking utvikle eit system for korleis norske fylkeskommunar kan følgje opp fylkeskommunale klimaplanar og vurdere om dei når sine mål og ambisjonar med tanke på reduksjon av klimagassutslepp knytt til både produksjon og forbruk regionalt.

Dette systemet er no i ferd med å bli tatt i bruk av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Prosjektet har vist at mangelen på klare statlege retningsliner for kva kommunar og fylkeskommunar konkret skal gjere i klimapolitikken - ut over det å lage ein "plan" - gjer det krevjande for fylkeskommunar å utvikle konkrete og handlingsretta klimamål.

Like fullt har Sogn og Fjordane kome langt i å utvikle slike mål, og Sogn og Fjordane er mellom dei fylkeskommunane som har kome lengst i å forankre klimapolitikken i sitt ordnære planverk. Eit særtrekk ved Sogn og Fjordane fylkeskommune sin klimaplan er at planen har med mål og tiltak som rettar seg inn mot privat forbruk - på tross av signal frå statlege styresmakter om at klimapolitikken først og fremst bør rette seg inn mot å redusere utslepp frå produksjon.