Etterlyser felles strategi for å møte klimautfordringar i reiselivet

bre turisme guida tur
Familieturen på Nigardsbreen var eit viktig reiselivsprodukt for Jostedalen fram til bresmeltinga gjorde tilkomsten for vanskeleg. Foto: Halvor Dannevig

Norsk reiseliv vil bli påverka av klimaendringane i åra framover, men òg av ein strengare klimapolitikk. – Likevel har næringa ingen felles strategi for korleis dei skal møte endringane, seier seniorforskar Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking.

I forskingsprosjektet Verknader av klimaendringar på norsk naturbasert reiseliv (ClimTour) i regi av Vestlandsforsking, har forskarane studert begge desse sidene ved reiselivsnæringa si nære framtid.

Når det gjeld utslag av klimaendringane, er det klart at det naturbaserte reiselivet vil merke meir til ulike typar ekstremvêr – som meir intens nedbør, flaum og stormflo. Mange vil òg oppleve problem på grunn av meir vekslande snøforhold og hyppigare jord- og sørpeskred. På lengre sikt kan attgroing og høgare tregrense, der klimaendringar òg spelar ei rolle, endre vilkåra for å drive naturbasert reiseliv.

flaum tungestølen
Flaum og skred vil oftare hindre folk i å nå reisemålet. Her frå vegen mot Tungestølen i Luster, ein innfallsport til Jostedalsbreen nasjonalpark. Foto: Marta K. Jansen

Vinteren skrudd av og på

– Dei nye realitetane vil krevje større fleksibilitet i tilboda til turistane. Produkta må vere tilpassa lokale vêr- og føreforhold, seier Brendehaug. Vinterturisme i lågareliggjande strøk vil i nokre tilfelle måtte bli erstatta med aktivitetar som kan skje på barmark. Andre område vil oppleve oftare situasjonar der vinteren blir «slått av og på», og her vil det vere meir krevjande å tilpasse turismen til klimaendringane.

Forskar mann ullgensar
Eivind Brendehaug er prosjektleiar for ClimTour. Foto: Tore F. Lie

– Det lokale friluftslivet rundt Oslo og Bergen har allereie fått merke dette, med meir vekslande og usikre forhold for skiaktivitetar, seier Brendehaug.

 

Vanskar med å kome fram

Dei som skal ut i naturen vil òg møte på fleire hindringar på veg til reisemålet. Transportmiddel som buss og tog vil altså oftare få problem med å kome fram til rett tid, eller vil ikkje kome fram til reisemålet i det heile. Vêrforholda denne vinteren gir ein peikepinn på problem vi vil sjå meir av ettersom temperaturen oftare vil vingle rundt nullpunktet på gradestokken.

– Dei stadige vekslingane mellom snø og regn, som har ført til glatte vegar og trafikkproblem denne vinteren, er eit godt døme på problem som òg vil råke reiselivet, seier Brendehaug.

Medan dei store gjennomfartsvegane har ei viss sikring mot naturskadehendingar, er typiske turistvegar ofte utsette for flaum og skred. Det gir reiselivet i visse område ei ulempe.

Sesongen krympar

Den delen av reiselivet som lever av skiturisme, har alt opplevd at mildare vintrar kortar ned skisesongen. Medan regn og sludd vinterstid tidlegare var eit kystfenomen, kryp mildvêret lengre innover i landet og oppover i terrenget. Gradvis kjem meir av nedbøren som regn og sludd i staden for snø.

– Denne forskyvinga vil halde fram. Ein vil merke det sterkast i skiområde som ligg lågt i terrenget og nær kysten, medan skistader i innlandet og i fjellet merkar mindre, seier Brendehaug.

fjellturisme snøfritt
Endra is- og snøforhold vil påverke fjellturismen i åra som kjem. Foto: Halvor Dannevig

For skidestinasjonar som Trysil og Hafjell viser klimaframskrivingane ein reduksjon på ca. 20 snødagar i perioden 2031–2060 samanlikna med perioden 1970– 2000. Desse berekningane har tatt utgangspunkt i klimapanelet sitt scenario med høgste utslepp. På klimaservicesenter.no kan ein få informasjon om endringane i snøforhold i fleire reielivsdestinasjonar.

– Fjellet er i endring

Breturismen er allereie råka av klimaendringane ved at breane har minka og frontane blitt brattare. Dermed blir det meir krevjande å ta seg inn på isen. Bresmeltinga gjer òg at isras kan oppstå på nye stader.

Fjellturismen vil generelt få høgare risiko for uhell og skadar som følgje av meir intens nedbør, flaum og større uvisse rundt steinsprang og steinskred.

– Fjellet slik vi kjenner det, er i endring: Det vert lausare, mørkare og våtare, oppsummerer Brendehaug.

Samtidig er vi ikkje der at klimaendringane trugar eksistensen til vandre- og fjellturismen. I valet mellom hetebølgjer og aircondition i Syden og eit par friske veker på fjellet, trur forskarane mange vil halde fram med å velje Noreg og friluftslivet.

– Varmare somrar kan òg opplevast som attraktive i fjellet, seier Brendehaug.

forskar mann fjellførar ute
Halvor Dannevig, Vestlandsforsking

Fryktar fleire skader

Forskarane har intervjua profesjonelle fjellførarar og sendt ut spørjeundersøking til folk som går i fjellet, både på eiga hand og med guide. Begge sider viser seg å vere fleksible og tilpassingsdyktige – dei veit godt at vêr og forhold kan endre seg raskt.

– Samstundes vil risikobiletet endre seg. Nye situasjonar vil oppstå fordi måten vi brukar fjellet på, endrar seg parallelt med klimaendringane, seier Halvor Dannevig, forskingsleiar for klima og miljø ved Vestlandsforsking. Han er sjølv bre- og fjellførar.

– Høge forventningar og ambisjonar for turen, gjerne kombinert med profilering av prestasjonane på sosiale media, kan gjere turisten mindre aktsam for farer og mindre oppteken av å gjere dei rette vala undervegs. Det kan gi fleire uhell og skader, seier Dannevig.

Kjenneteikn ved tilpassingsdyktige bedrifter

Forskingsprosjektet har analysert kva type bedrifter som vil klare å tilpasse seg følgjene av klimaendringar og strengare klimapolitikk. Dei tilpassingsdyktige bedriftene er:

  • fleksible – kan tilby ulike typar produkt og tenester til ulike typar gjester
  • forankra lokalt, har samkvem med andre lokale næringar
  • vande med å tilpasse seg ut frå lokal kunnskap om samfunn, næringar og natur- og klimaforhold
  • langsiktige og strategiske i marknadsorientering
  • opptekne av å utvikle seg i berekraftig retning – låg lokal og global miljøbelastning og høg verdiskaping

Ansvar for utslepp

Reiselivet må òg tilpasse seg til ei anna side ved klimaendringane som kanskje er meir utfordrande enn den fysiske klimarisikoen: strengare krav til klimagassutslepp.

– I åra som kjem vil politikarane neppe gi næringa unntak frå sin del av ansvaret for utslepp. Reiselivet må difor rekne med kraftigare politiske verkemiddel for reduksjon av klimagassutsleppa, seier leiande seniorforskar Carlo Aall. Verkemiddel som er retta inn mot transport generelt, t.d. auke i avgift på fossil drivstoff, vil truleg påverke fritidstransport meir enn nyttetransport og arbeidsreiser.

Forskarane seier overnattingsverksemdene kan klare å halvere utsleppa sine av klimagassar innan 2030 dersom politikarar og bedrifter er ambisiøse nok når det gjeld å erstatte fossile energikjelder med fornybare. Flytransporten, derimot, vil ikkje klare å halvere utsleppa sine innan 2030.

– I dag står flytransporten for 75 prosent av klimautsleppa frå reiselivet, og denne delen aukar, seier Aall. Faktisk stod flytransport for heile 80 prosent av auken i klimagassutsleppa frå reiselivet i åra 2007-2019.

Cruise når neppe måla

Heller ikkje cruiseturismen ligg an til å kunne halvere utsleppa innan 2030. Difor bør byar og tettstadar som i dag baserer seg på cruiseturisme, innstille seg på at endringar kjem, meiner forskarane.

Enkelte reiselivsbedrifter og -organisasjonar erkjenner at reiselivet må ta sin del av ansvaret for å redusere klimautsleppa. Dei utviklar no strategiar for å gjere seg mindre avhengige av turistar frå andre kontinent, ved å utvikle nærmarknaden i Norden og Europa.

– Det desse innser, er at dei ikkje kan basere seg på å skaffe turistar frå andre kontinent. Dei ser dessutan at næringa må utvikle seg ved å auke innteninga per turist, ikkje ved å få inn fleire turistar, seier Aall.

Partnarar i prosjektet

  • Nordlandsforsking
  • Norce
  • Meterologisk institutt
  • Institutt for biovitenskap, UiO
  • Miljøfaglig Utredning
  • Prof. Bruno Abegg, University of Innsbruck
  • Prof. Dr Paul Peeters, Breda University of Applied Sciences
  • Prof. Daniel Scott, University of Waterloo
  • Fleire reiselivsorganisasjonar, m.a. Destinasjon Lofoten, Den Norske Turistforening og Flåm AS

 

Etterlyser strategi

Prosjektleiaren for ClimTour meiner det er på høg tid at reiselivet som næring førebur seg på ein tøffare klimapolitikk.

– I regjeringa sin politikk for å nå 50 prosent utsleppskutt i 2030, må alle næringar bidra. Det er ingen grunn til å tru at reiselivet vil få unnatak for hardare utsleppskrav, seiar forskar Eivind Brendehaug. Han er òg oppteken av at reiselivet går i gang med å førebu seg på korleis dei skal takle nye krav.

– Reiselivsnæringa som heilskap har ingen felles strategi for korleis dei skal gjere seg mindre sårbare for den skjerpa utsleppspolitikken som må kome. Det bør dei få i stand.

 

 

Sjå filmen Villvinter, laga av filmskapar og fotograf Johan Wildhagen for ClimTour. Filmen inneheld klypp frå tre av reisemåla som fungerte som case i forskingsprosjektet: Flåm, Jotunheimen og Lofoten