Mot et klimarobust og bærekraftig reiseliv

Av:
Foredrag
Id:
November 2022

Forskingsprosjektet Climtour har studert kva konsekvensar klimaendringane har for det naturbaserte reiselivet i Norge. På sluttkonferansen vart resultata presentert. Forskinga viser m.a. at dei største konsekvensane vil komme for dei delane av reiselivet som har sin eksistens knytt til faste installasjonar, så som for eksempel alpinanlegg, og då særleg dei anlegga som ligg i låglandet og på kysten. Dei delane av reiselivet som er fleksible i kva produkt dei tilbyr gjestane og innovative i å utvikle nye produkt, vil klare seg betre. I ein av kommentarane til presentasjonen om framtidige snøforhold kan du sjå korleis alpindestinasjonar tilpassar seg meir usikre søforhold. Reiselivsnæringa
er mindre budd på at reising må bli dyrare om måla i klimapolitikken skal bli nådd. Det vil få konsekvensar. Nokre aktørar innan reiselivet innser at ein må planlegge for betre utnytting av nærmarknadane framfor å rekruttere turistar frå andre kontinent. Dette kan du m.a. lese ut av Virke reiseliv sin kommentar til eit av innlegga på konferansen. Programmet frå sluttkonferansen finn du her, foredraga og kommentarane kan du laste ned herifrå: