Rapport
Id:
2006-4

På oppdrag frå prosjektet ”Norsk oppfølging av Arctic Climate Impact Assessment”  (NorACIA, tidligare ACIA2) har Vestlandsforsking vurdert klimasårbarheita for nordnorske kommunar. Alle kommunar i dei tre nordligaste fylka er vurdert i høve til 22 indikatorar som femner om den naturlige, samfunnsøkonomiske og institusjonelle sårbarheita.

For sju av indikatorane var det ikkje mulig å gjere utrekningar på grunn av kunnskapsmangel og/eller datamangel. Analysen konkluderer med at desse fire kommunane kan vere mellom dei mest klimasårbare i Nord-Norge: Loppa (Finnmark), Målselv (Troms), Grane (Nordland) og Moskenes (Nordland).

Tilsvarande viser modellen at til dømes Tranøy (Troms) og Bindal (Nordland) kan vere blant dei minst klimasårbare kommunane i landsdelen. Kartlegginga inneheld ikkje vurderingar av om skadeforebyggande tiltak lokalt kan ha gjort den einskilde kommunen mindre sårbar for klimaendringar. Vidareutvikling av indikatormodellen, betre datagrunnlag og ny innsikt i samanhengane rundt klimasårbarheit vil seinare kunne føre til ei endra rangering av kommunane.