Institusjonell kapasitet som grunnlag for rural konkurransekraft

Artikkel
Id:
Oktober 2024
Utgjevar:
Fagbokforlaget
Tidsskrift:
Bok: Rural konkurransekraft

Dette kapittelet viser, med seks lokale nettverk som døme, korleis bygging av institusjonell kapasitet gjennom samarbeid i nettverk kan vere med på å styrke den rurale konkurransekrafta, og såleis gjere lokalsamfunn betre i stand til å handtere endringskrefter som kjem utanfrå. Slike eksterne endringskrefter kan vere globale eller nasjonale trendar som kan framstå både med truslar og moglegheiter på det regionale eller lokale nivået. Fem sentrale komponentar i institusjonell kapasitet blir drøfta: kapital i form av kompetanse, relasjonar og pengar, og dessutan mobiliseringsevne og danning av motnettverk. Datagrunnlaget er intervju med sentrale deltakarar i fem av nettverka, og diverse sekundærmateriale i det sjette. Dei nettverka vi har studert har hatt ulik grad av suksess i bygging av institusjonell kapasitet og konkurransekraft. Fire av dei har lukkast godt, eit var middels vellukka og eit var mislukka. Vi har altså døme på både «beste praksis» og fallgruver i arbeidet med å handtere eksterne endringskrefter gjennom nettverk.