Forbruk og utslepp i fylkeskommunen
Denne rapporten ser på kva for handlingsrom fylkeskommunen har for å redusere forbruksbaserte klimagassutslepp og kva for tiltak som er verknadsfulle og som står seg over tid. Rapporten er basert på ein litteraturgjennomgang, intervju og tre arbeidsverkstadar av og med tilsette i Vestland fylkeskommune og kommunar i Vestland fylke. Rapporten brukar Vestland fylke som døme, men har overføringsverdi til andre fylke sidan dei forbruksbaserte utsleppa er like på tvers av fylka i Noreg.