Eit politisk skred: Korleis naturskadeførebygging og klimatilpassing kom på dagsorden i Bergen

Artikkel
Id:
2013

 

 

Kyrre Groven har med bakgrunn i to skred- og flaumhendingar utløyst av nedbør i Bergen hausten 2005, diskutert korleis spørsmålet om klimatilpassing har kome på dagsorden i Bergen. Til saman fire menneskeliv gjekk tapt i desse hendingane. Artikkelen viser at sjølv etter hendinga i 2005 var det tilpassing til dagens klima som styrte det arbeidet som då blei starta med å førebyggje hendingar av same type. Det var først i 2007, etter at klimapolitikken fekk et oppsving med den fjerde hovudrapporten frå FNs klimapanel, at det naturskadeførebyggjande arbeidet blei omdefinert til også å omfatte forventningar om eit endra klima. Ved hjelp av agendasettingsteori blir denne prosessen drøfta med omsyn til vatn- og avløpssektoren og arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalyse for Bergen.