Med hjarte på rette staden – turistopplevingar, kultur og «sense of rural place»
Kapittelet drøftar korleis kulturturisme bidreg til utvikling av rurale stadar, med utgangspunkt i ein kvalitativ studie av britiske gruppeturistar i Balestrand. Eitt hovudfunn er at sjølv om turistane kom for å oppleve natur, var kulturopplevingar blant høgdepunkta. Møtet med andre menneske forsterka også turistane sine positive opplevingar av både natur- og kulturattraksjonar. Funna gjev grunnlag for ein diskusjon av korleis kulturturisme bidreg til å utvikle Balestrand, og korleis turistar si tilknyting til stad kan bidra til å utvikle reisemål.
Lenke: