Guttorm har mastergrad i tverrfaglege kulturstudium, studieretning teknologi, kunnskap og samfunn frå Norges teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Masteroppgåva tok for seg bruk av sosiale medium i reiselivet i Sogn og Fjordane.
Guttorm kom til Vestlandsforsking som dagleg leiar i Sognefjord reiseliv og hadde tidlegare jobba som teknikar i oppstarten av INO AS som selde trådlaust breiband på Vestlandet. Saman med bachelorgrad i Afrikastudiar og ei levande interesse for fri programvare og røyrsla for fri kultur, har denne svært allsidige bakgrunnen danna grunnlaget for eit svært allsidig forskarverk på Vestlandsforsking. I tillegg til å vera involvert i forskingsprosjekt som stort sett handlar om reiseliv har han også rollar i prosjekt der IT har ein viktig anvendt rolle. Han har også ansvar for planlegging av IT på instituttet.
Utanom jobben på Vestlandsforsking prøver Guttorm gjerne ut nye trendar i reiseliv og nettbruk slik som AirBnb (som vertskap) og kryptovaluta.