Føresetnader for utvikling av pilotverktøy for fellesgodefinansiering

Reiselivsnæringa sine fellesgodeutfordringar har blitt diskutert i fleire tiår. Med veksten i turismen har problemstillinga blitt aktualisert på ny i Noreg dei seinare åra. Visit Sognefjord og Verdsarv Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden ønskjer difor å utvikle teknologiske løysingar og lokale forvaltningsmodellar for fellesgodefinansiering. I dette forprosjektet skal Vestlandsforsking bistå med kunnskap om mogelegheitsrommet for teknologiske løysingar og kva føresetnader som bør liggje til grunn for lokale forvaltningsmodellar. Dette er eit VRI-forprosjekt som er finansiert av midlar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Forskingsrådet.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Vestland fylkeskommune
I samarbeid med:
Visit Sognefjord og Verdsarv Vestnorsk fjordlandskap
Prosjektnummer:
6546
Prosjektleiar:
Gruppeleiar Teksam (permisjon)
Prosjektmedarbeidarar: