Om Vestlandsforsking 2024
Om Vestlandsforsking 2024
Vestlandsforsking har i 2024 hatt ei omfattande satsing på forskingssenter. Saman med gode samarbeidspartnarar opna vi Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv i Sogndal 19. desember. Vi har òg leidd arbeidet med to andre sentersøknader – ein om å bli forskingssenter innan kunstig intelligens og ein sentersøknad til Transport 2050.
Vi har gjennom mange år bygd forskingsbasert kunnskap og eit stort fagmiljø innan berekraftig reiseliv. Til å etablere kunnskapssenteret har vi fått finansiering i tre år frå Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sogn sparebank og Sogndal kommune. Målet er å bli eit nasjonalt kunnskapssenter, som òg er blant dei leiande internasjonalt innan berekraftig reiseliv.
Den andre senteret vi leiar, Noradapt, har hatt stor aktivitet i 2024, og lanserte m.a årets kommunerangering knytt til klimaomstilling under Arendalsveka i august.
Vi har både fullført og starta opp fleire større prosjekt i 2024. Kapasitetsløftprosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane vart avslutta i 2024. Saman med Høgskulen på Vestlandet har vi i prosjektet lukkast godt i å byggje opp fagkompetanse innan robotisering, stordata, digitalisering og kunstig intelligens. Vi har høg aktivitet på området arealbruk, natur- og klimaendringar og rettferdig, grøn omstilling. I juni fekk vi tildeling til prosjektet Rettferdig arealbruk for grøn omstilling (Just Green) frå Nordforsk, saman med fleire nordiske samarbeidspartnarar, og i fjor haust ei stor tildeling frå Forskingsrådet til prosjektet Enabling land use justice.
Vi legg stor vekt på å formidle frå forskingsprosjekta våre, både gjennom vitskaplege publikasjonar og gjennom ulike kanalar til ålmenta. Vestlansdsforsking og Noradapt hadde til saman seks arrangement under Arendalsveka. Vi skriv jamleg kronikkar, vi stiller opp i media, og vi deltok på fleire arrangement under Forskingsdagane i september, der temaet var helse.
Vi har eit godt samarbeid med ei rekkje andre forskingsinstitusjonar. Saman med dei fire andre regionale forskingsinstitutta (FOKUS), har vi arbeidd med interne retningsliner for kunstig intelligens. I 2024 ferdigstilte vi det interne prosjektet om berekraft i Vestlandsforsking, som munna ut ein rapport med ein tiltaksplan for å styrke arbeidet med berekraft, både i prosjekta og i drifta vår. Vi har gjennomført ein strategiprosess, og styret vedtok i desember vår nye strategi for åra 2025-2028.
Sogndal, 25.2.2025
Anne Karin Hamre, direktør