Kva for kommunar tilpassar seg mest og minst?
Noradapt har for andre år på rad rangert klimainnsatsen til norske kommunar. Den viser at dei kommunane som er mest påverka av klimaendringar, også er dei som gjer mest for å tilpasse seg.
Noradapt har for andre år på rad rangert klimainnsatsen til norske kommunar. Den viser at dei kommunane som er mest påverka av klimaendringar, også er dei som gjer mest for å tilpasse seg.
Kystkommunane på Vestlandet får det verst, med krevjande klimaendringar og låg innsats for klimatilpassing.
Påverknad, innsats og risiko
Tala blei presentert i Arendal 15. august og er brotne ned på tre forhold:
- Kor påverka kommunen blir av klimaendringar i nær (2050) og fjern (2100) framtid
- Kor stor innsats kommunen legg ned
- Kor stor «klimarisiko» kommunen er utsett for i nær og fjern framtid
Sterkast respons hos dei mest påverka
– Dei som er mest påverka er også dei med sterkast respons, seier NTNU-professor og gjesteforskar hjå Vestlandsforsking, Jan Ketil Rød, til NRK. Han presenterte dei nye tala på vegner av Noradapt i Arendal 15. august.
Les meir på Norsk klimamonitor
Her kan du sjå hva for kommunar som ligg og dårlegast an
Oppdaterer grunnlaget
Riksrevisjonen har i sommar kritisert regjeringa for svak samordning i klimatilpassingsarbeidet. Støre-regjeringa har sett ned ei arbeidsgruppe for å oppdatere kunnskaps- og avgjerdsgrunnlaget i møte med fleire og større flaumar.
Les NRK si sak om kommunerangeringa