Aktuelt-arkiv

  • Foto av Anna Maria Urbaniak-Brekke

    1. februar 2020 starta Anna Maria Urbaniak-Brekke i fast forskarstilling, etter to år i vikariat. Tilsetjinga er eit ledd i Vestlandsforsking si satsing på reiseliv og internasjonalisering. Anna Maria håpar å utnytte heile den faglege breidda si, ikkje minst ved å bidra til koordinering av internasjonale prosjekt.

  • Foto frå utstillinga Grüne Woche i Berlin i januar 2020.

    Vestlandsforsking var i januar på matfestivalen Grüne Woche i Berlin saman med folk frå mat- og reiselivsverksemder, lokal næringsutvikling og FoU-sektoren i Sogn. I studieturen ligg kimen til eit samarbeid som vil kreve kunnskapsbygging og innovasjon i åra framover.

  • Foto

    Otto Andersen, forskar ved Vestlandsforsking gjennom 25 år, døydde 28. desember 2019 etter å ha vore sjuk ei kort tid. Her kan du lese eit minneord skrive av kollegaer og vener ved instituttet.

  • Foto frå vegstenging i Jølster

    Dei viktigaste vegane i Norge blir jamleg stengde på grunn av flaum og skred. Slike problem er venta å auke med klimaendringane, men ein ny studie Vestlandsforsking og Menon Economics har gjort for Statens vegvesen, viser at talet på slike hendingar kan mangedoble seg dei neste tiåra viss vi ikkje satsar stort på førebygging.

  • Portrett Torbjørn Selseng

    Etter berre fem månader som trainee, starta Torbjørn Selseng året som fast tilsett i Vestlandsforsking. – Eg tykkjer det er utruleg kjekt å forske, seier han.

  • Aktuelt
    Alternativ tekst

    Tre studentar i fornybar energi har utført ein mini-variant av Vestlandsforsking sitt HOPE-prosjekt i Sogndal. Dei har stilt spørsmålet: Dersom du var nøydd til å gjere hushaldet ditt meir klimavennleg, kva tiltak ville du satsa på?

  • Forskar Svein Ølnes har saman med professor Arild Jansen ved universitetet i Oslo skrive artikkelen "The nature of public e-services and their quality dimensions" som no er publisert av det velrenommerte tidsskriftet "Government Information Quarterly"

  • Aktuelt
    ""

    Vestlandsforsking har kvalifisert seg til 5 års forsking på kvinner i forsking og innovasjon. - Kvinner som er utdanna innan teknologi eller har yrke som blir stadig meir prega av teknologi, vil stå sentralt, seier prosjektleiar Hilde G. Corneliussen.

  • Transnasjonalt partnerskap for fremragende forskning og utdanning i stordata og beredskapsledelse

  • Intervju med Hans Jakob Walnum, Nrk Trøndelag

  • Aktuelt
    ""

    Når målet om eit berekraftig reiseliv møter lokale reiselivssatsingar i praksis, blir kortsiktige bedriftsøkonomiske omsyn vektlagt meir enn økologiske perspektiv. Særleg omsynet til reduserte klimagassutslepp blir skadelidande. Det er som forventa i og med at statlege rammevilkår legg opp til ei slik prioritering.

  • Aktuelt
    Bitcoin

    På eit seminar arrangert av Norstella hadde Svein Ølnes frå Vestlandsforsking eit innlegg der det m.a. kom fram at ein må sjå nærare på bruk av Bitcoin og underliggjande blokkjede-teknologi også i offentlege IT-system.

  • Aktuelt
    ""

    I prosjektet "Virkninger av økt granplanting på karbonbalansen i skog på Vestlandet" skal forskarar frå Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO), Universitetet i Oslo, Universitetet i København og Vestlandsforsking analysere den samla karbonlagringen av granplanting på Vestlandet.

  • ""

    10. november disputerer Geoffrey Gilpin for doktorgraden med eit forskingsarbeid utført ved Vestlandsforsking. Han legg fram ny kunnskap om livsløpsanalysar av biodrivstoff og korleis slike drivstoff kan bidra til ei meir berekraftig utvikling.

  • Stor interesse for konferansen som blir arrangert på Hotel Alexandra i Loen 23. - 24. november der tema er digital læring.

  • Seminar

    Fylkeskommunen og Vestlandsforsking orienterte kommunane under den årlege haustkonferansen for kommunene i Sogn og Fjordane om prosjektet "Samhandling for Det Grøne Skiftet".

  • Forskarane Øyvind H. Larsen ved Vestlandsforsking og Jon Gunnar Nesse ved Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde fredag eit innlegg på The 11th Regional Innovation Policies Conference 2016. Presentasjonen Nesse holdt er ein leveranse i forskingssamarbeidet VRI3 RECIN og konferansen vart halden på Cardiff University i Wales 3.-4. November 2016.

  • Marit Haugan Hove er trainee ved Vestlandsforsking og jobbar m.a. med velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane.

  • Bok

    Professor Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking og Dr Priti Srinivas Sajja fra Sardar Patel University i India, er forfattarar av boka «Intelligent Techniques for Data Science» som kom ut i oktober.